Landbruket i Vanylven

Vanylven er sjuande største jordbrukskommunen i fylket i antal gardbruk. I 2017 var det 101 gardsbruk i drift i Vanylven (206 bruk i år 2000) med gjennomsnittleg dyrka areal på 226 dekar. (114 dekar i år 2000).
 

Det vert utført flest årsverk i mjølkeproduksjon på storfe og i sauehaldet. I Vanylven har 45 gardsbruk produksjon av storfekjøt, av desse 27 mjølkebruk. Det er 47 sauebruk, 9 bruk med høner, 3 geitebruk, 2 bruk med gris og 14 bruk med ammekyr i kommunen.
 
Bønder driv i tillegg andre produksjonar, næring innan skogbruk, turisme, jakt og fiske, vidareforedling, sal av gardsmat, og har bygd fleire småkraftverk. 
 
I Vanylven er det bedrifter og maskinfirma innan landbruket. Vanylven kommune har satsa på ei aktiv landbruksforvaltning.  Det er dei siste åra bygd fleire nye fjøs.
 
Vanylven har størst eggproduksjon i fylket. I 2006 bygde 5 bønder på Rovde kvart sitt hus for eggproduksjon på 7.500 høner. Produksjonen er 120.000 kg egg pr år i kvart av dei 5 husa. Tilsaman 600.000 kg vert produsert, noko som tilsvarar årsforbruket av egg til heile 50.000 personar.
 
Samla er husdyrhaldet i Vanylven ein stor buskap: 600 mjølkekyr, 1.800 ammekyr/andre storfe, 4.800 sau og lam, 250 mjølkegeiter, 350 griser og 37.500 høner.
 
Det vert dyrka vel 22.800 dekar jordbruksareal (23.400 dekar i år 2000), mest gras til fôr og beite. Vidare er det 41.300 dekar produktivt skogareal med furu, gran og lauvtre.
 
Spesialisert produksjon, stor omsetnad og stadig ny satsing  Matproduksjonen og råvarer frå jordbruket i Vanylven hadde i 2010 (tal frå NILF) ein salsomsetnad på 80,1 millionar kroner i året. 
 
Av dette hadde ku- og geitmjølkebruka inkl. kjøtproduksjon 61 prosent av omsetnaden, sauehaldet 16 prosent og eggproduksjon 13 prosent.
 
Det allsidige landbruket i Vanylven skaper i tillegg verdiar frå produksjonar med andre dyreslag, bønder arbeider med tilleggsnæringar og i skogen, brøyting av vegar og det er hestehald i kommunen.
 
I 2017 vart det produsert 4,4 millionar liter kumjølk frå 27 mjølkebruk (4,6 mill. liter og 82 mjølkebruk i år 2000), og 155.000 liter geitemjølk frå 3 geitebruk. Dette tilsvarar årsforbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukt til vel 15.200 personar. Gjennomsnittleg har kumjølkebruka 22 kyr og leverer årleg 162.500 liter mjølk (11 kyr og 53.300 liter i år 2000).
 
Totalt vert det årleg produsert vel 490.000 kg kjøt i Vanylven, av dette vel 255.000 kilo storfekjøt, 180.000 kilo svinekjøt og 55.000 kilo sauekjøt. Kjøtproduksjonen tilsvarar årsforbruket av kjøt til heile 7.000 personar, eller meir enn befolkninga i kommunen.

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 70 03 00 73