Avgifter og vederlag

I Vanylven kommune har vi kommunale kaier og hamner som ein kan legge til ved. 

Hamneavgift

Vanylven kommunestyre har vedteke forskrift om anløpsavgift, forskrift om sakshandsamingsgebyr for hamnebruk. Dette handsama i sak 72/2017 den 05.09.2017. Avgiftsinnkrevinga tok til 01.01.2018. 

Anløpsavgift

Gjeld alle farty over 15 meter, med nokre få fritak. Desse er spesifisert i vedlagt dokument (blir lagt inn på høgre side).

  • Kr 0.18/BT
  • Minsteavgift per anløp er kr 150,-

Anløpsavgift gjeld alle anløp i Vanylven kommune sitt sjøområde, og til eigne og private kaier. 

Hamnebrukarar og private kaieigarar plikter å gi Vanylven kommune dei opplysningane som er nødvendige for å berekne og innkrevje anløpsavgifta. Vanylven kommune kan krevje kopi av dokumentasjon for å kunne oppfylle offentlege statistikkrav eller for å kunne kontrollere berekning av Vanylven kommune sine krav etter denne forskrifta jf. forskrift 17.08.1989-08 §2 

 

Kaivederlag

Kaivederlag vert krev av farty som legg til ved kommunale kaier. 

For dei første 5000 BT Kr 0.54/BT
For dei neste 5000 BT Kr 0.47/BT
Deretter, over 10 000 BT Kr 0.41/BT
  • Kaivederlaga blir berekna på tilsvarande måte som for anløpsavgifta. 
  • Vederlaga betalast per påbegynt døgn. 

Minstevederlag

  • Kr 400,- for fartøy på 15m og større 
  • Kr 200,- for fartøy mindre enn 15m

Hamnesikring / ISPS 

Hamneanlegga Fiskåholmen og Eidså sag har godkjenning som ISPS-terminal. Alle farty med sikringsserfikat (SSC) må nytte ei ISPS-godkjent kai ved anløp. Anløpsmeldingar, sikringsrapportar og mannskapslister for ISPS-anløp skal meldast inn via SafeSeaNEt Norway. 

Det vert vist til vedlagt dokument for ei fullstendig oversikt over kva avgifter og vederlag som vart gjeldande frå 01.01.2018.
Forskrifta om anløpsavgift for Vanylven kommune kan du finne her  (PDF, 582 kB)


Alle spørsmål vedrørande hamna og innrapportering av anløp m.v kan sendast til hamn@vanylven.kommune.no