Det kan ofte ver vanskeleg å finne ut av alle vegar å gå, Karina som er prosjektleiar hjelper då til med å ta kontakt med skulen eller bedriftene, ho kan hjelpe med å rettleie til å skrive søknad, CV, førebu til jobbintervju og liknande. Du treng ikkje gå skule, ha lærlingtid eller arbeide i Vanylven, Karina har unge vaksne i aktivitet fleire stadar i området.
Jobbsjansen er ei kommunal stilling, men samarbeider òg med NAV Vanylven.
Kven kan ungdomslosen hjelpe ?
Ungdomslosen er for deg som treng litt hjelp til å finne ut av alternativ måte å fullføre skulen på, hjelp til å finne ein lærlingplass, treng litt ekstra oppfølging for å kome deg tilbake i aktivitet i form av arbeid eller skule. Du har ikkje store utfordringar i forhold til rus eller psykiatri, du treng berre litt rettleiing for å kome deg tilbake i skule, lærlingtid eller arbeid.
Korleis ta kontakt?
Det er berre å ringe eller sende ei melding til Karina på telefonnummer 93280242.
Kostar det noko?
Tenesta er heilt gratis og er eit frivillig tilbod til dei unge vaksne i Vanylven