Det skjer i Vanylven Her finn du retningslinjer for korleis du legg til eit arrangement i vår kalender. Publisert03.08.2020 10.51 Sist endra03.08.2020 10.51 Facebook : Kalenderen finn du her Slik legg du inn eit arrangement på sida: Du må ha eit arrangement oppretta av ein Facebook-side. Trykk på rediger inne på arrangementet og gå ned til feltet «medarrangør». Her skriv du inn Det skjer i Vanylven. Hugs å lagre! (Viss du ikkje får til å gjere endringa på telefon, prøv i nettlesar på datamaskin.) Vi vil då få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning. Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i samlekalenderen til Det skjer i Vanylven. Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artist og kulturhus står som arrangør på Facebook-hendinga. På heimesida til Vanylven kommune vil vi promotere kalenderen til Det skjer i Vanylven. OBS: Du vil gi sida «Det skjer i Vanylven» full tilgang til å endre/redigere ditt arrangement. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Vanylven» vil berre vere skuggearrangør slik at dykkar arrangement kjem opp i vår samlekalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål knytt til arrangementet dykkar. Skulle eit arrangement ikkje følgje retningslinjene våre, vil vi slette arrangementet frå vår liste. Retningslinjer for kultur- og aktivitetskalenderen «Det skjer i Vanylven» Hendinga må i hovudsak skje innafor Vanylven kommune sine grenser. Arrangement som er særskild retta mot innbyggarane i Vanylven, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promotert.. Hendinga må vere offentleg Dersom du har faste samlingar som skjer hyppigare enn ein gong i månaden, kan du kun kople fyrstkomande arrangement til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.* Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett/betale inngangspenger. Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar og liknande. Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli akseptert Det skjer i Vanylven/Vanylven kommune vil ikkje redigere hendinga. Vi vil heller ikkje svare på spørsmål om hendingane dykkar. Vi kan heller ikkje promotere hendinga utover det at den kjem opp i kalenderen. Vanylven kommune har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement. Vanylven kommune vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene. Vanylven kommune vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt. *: Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Vanylven, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling.