Vanylven kommune har eigen kreftsjukepleiar som kan tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande. Kreftsjukepleiaren kan gi råd, rettleiing og samtalar, og vere med på å sikre ei trygg og heilskapeleg omsorg i heimkommunen. Kreftsjukepleiaren samarbeider tett med fastlegar og sjukehus.
Publisert 05.08.2020 13:59
Sist endra 21.02.2023 10:41
Kven passar tenesta for?
Kreftsjukepleiar kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar av sjukdomen, for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis ta kontakt?
Du kan ta direkte kontakt med kreftsjukepleiar på telefon 70030220 eller epost : solvi.sandnes@vanylven.kommune.no