Tynnaknuten rus og psykisk helse

OPNINGSTIDER

Mandag - torsdag og fredag ope mellom 08.00 -16.00

Tysdag og onsdag har vi oppfølgingsarbeid og er tilgjengeleg på telefon.

RUS OG PSYKISK HELSETENESTE

Retten til helse - og omsorgstenester likestiller somatisk og psykiatrisk sjukdom, som rusvanskar og psykiske vanskar. Kommunen har ei sentral rolle i å identifisere, utrede, behandle og fylgje opp personar i målgruppa.

Psykiske helseproblem og rusvanskar skjer i alle aldersgrupper og i alle delar av befolkninga.

 

DAGTILBOD FOR RUS OG PSYKIATRI

Tenesta er eit  kommunalt lavterskeltilbod for Vanylven kommune og er ein del av dei øvrige helse - og omsorgstenestene. Inn på tunet garden Tynnaknuten har vore godkjend  sidan 2007, men dagtilbodet starta i 2014. Dagtilbodet held til på ein liten gard som heiter Tynnaknuten, garden ligg på Rovde.

Tenesta har personale med fagleg kompetanse innan psykisk helse - og rusarbeid.

 

OM DAGTILBODET

Deltakarar av tenesta kan få tilbod om psykososial oppfølging, forebygging/ ettervern i høve daglege funksjonar og arbeidsførebuande trening.

Deltakarane har tilbod om gruppesamtaler ein gong i veka.

Aktivitetar på garden:  Arbeid med dyr, gardsarbeid, hobby og handarbeid, hagearbeid, fiske i båt, arbeid med bær og frukt frå hagen, arbeid med ved, snekring, dreiing i leire og tre m.m.

Gruppemedlemmane  kan byggje opp sine eigne aktivitetar etter behov.

Vi driv kafe Tynnaknuten som er open kvar fredag mellom 12.00 - 15.00.

Måltida tilbereder vi saman, vi  har frukost og lunsj og kaffe i fellesskap.

Gruppa kan vere på  8 -10 medlemmar.

 

KVA KOSTAR DET?

Tenesta er gratis.

 

KVEN KAN FÅ TILBOD OM DAGTILBOD

Alle mellom 16 og 60 år med  vanskar i høve psykisk helse og/eller rus.

Dagtilbodet samarbeider med NAV, lege og oppfølgingstenesta. Dagtilbodet  er organisert direkte under kommunalsjefen.

Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege eller andre offentlege instansar og det er kort ventetid.

Du sjølv - pårørande eller andre i hjelpeapparat kan ta direkte kontakt med oss.

 

KORLEIS FÅ TILBODET?

Du kan ta kontakt på telefon som søkjar eller pårørande til kontaktperson på Tynnaknuten, Nav, oppfølgigngstenesten eller lege.

Du kan  verte kjend med tilbodet ved å kome på besøk på Kafe Tynnaknuten, eller avtale eit besøk.

 

KONTAKTINFORMASJON

E-post: hildegunn.knardal@vanylven.kommune.no

Mobil: 469228329

E-post: ingrid.knardal@vanylven.kommune.no

Mobil: 46228329

Besøksadresse: Rovdestranda 51, 6141 Rovde

Leiar for dagtilbodet Tynnaknuten: Hildegunn Knardal