Kva er kvardagsmeistring?
Døme på daglige gjeremål det kan gjelde:
- Husarbeid
- Hente post
- Dusj / personlig pleie
- Påkledning
- Deltaking i sosiale aktivitetar
- Trappegang
- Handle
- Matlaging
Kva kan du forventar av oss?
Eit tverrfaglig team samansett av ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleier/heimetrenar tek ei systematisk kartlegging. Eit viktig spørsmål vi stiller deg og oss er: Kva er viktig for deg til å meistre kvardagen?
Vi utarbeidar mål ilag med deg. Når måla er sett vil vi kome heim til deg og trene på det som er viktig for deg for å kunne meistre kvardagen. Tenesta vert gitt i ei tidsavgrensa periode (oftast 4 veker).
Evaluering av framgong og justering av mål vil skje undervegs.
Kva forventar vi av deg?
Vi forventar at du er villig og motivert til å gjere ein innsats for å nå måla du har sett deg, slik at du meistrar kvardagen heime på en tilfreds måte.
Kva kostar det?
Kvardagsmeistring er gratis
Korleis søke?
Søknadskjema finn du her.