Treng du nokon å prate med ?

Her er info til barn og unge ! 

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon du stolar på. Sjølv om skulen er stengt, så er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg.

I tillegg fins det fleire om du treng nokon å snakke eller chatte med:

Samtaletilbod for barn og unge

Det er oppretta eit lavterskel samtaletilbod for barn og unge i Vanylven kommune. Her kan barn og unge chatte eller prate med ungdomsarbeidarane.

Har du behov for å snakke om det som skjer rundt oss? Eller er det andre ting i livet ditt akkurat no som det hadde vore greitt å snekke med ein vaksen om?

 

Du kan treffe Ungdomsarbeidar Veslemøy (915 30 249) , Annette ungdomskontakt (454 29 326) og Malin Lid (909 206 85) frå barnevernet på fleire plattformer.

  • Chat på messenger
  • Ring eller send sms
  • Skype

Veslemøy er tilgjengeleg: mandag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09:00 – 15:00

Annette er tilgjengeleg: kvar kveld fra 20:00 – 23:00

 

Malin Lid på barnevern er også tilgjengeleg for ein prat 09-15 i vekedagar (mobil 90 92 06 85) 

 

 

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er et naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er døgnope i samband med korona-situasjonen.

 

BaRsnakk

www.barnavrus.no/tilbud/barsnakk

Eit chattetilbud til deg med foreldre eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag frå 17.00–20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet er drifta av frivillege i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.
 

Kors på halsen

www.korspaahalsen.rodekors.no

Eit tilbod til deg under 18 år. Her jobbar frivillege vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende e-post. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00–22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.
 

SnakkOmPsyken.no

www.snakkompsyken.no

Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9–19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00–21.00, fredag frå 09.00–15.00, og søndag frå 15.00–21.00.
 

UngPrat.no

www.ungprat.no

Samtaleteneste til barn og unge mellom 13–24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag 09:00–21:00.


Statsministeren held pressekonferanse for barn

 

Til deg som er bekymra for eit barn

Når samfunnet stenger ned mistar barna våre kontakt med nettverket sitt i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og rettleiing:
 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale naudnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen. Her jobbar fagpersonell og er døgnope i samband med korona-situasjonen.
 

Voksne for Barn

www.vfb.no/

Tilbyr ei rådgjevarteneste for deg med spørsmål om barn og unge. Du kan sende inn spørsmål skrifteleg å få svar frå ein fagperson.
 

Barnevernet.no

www.barnevernet.no

Barnevernet er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa, for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernvakter og barneverntenesta i alle kommunar og korleis du melder din bekymring til barnevernet.