Om barnevernet

Vanylven og Herøy sine barneverntenester er slått saman, Det er framleis kontor i begge kommunane. Herøy kommune er vertskommune.

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.

Kven kan få tenesta?  

Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i kommunen. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Kva kan du forvente?

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding startar ein opp ei undersøking etter lova.

Barneverntenesta tek då kontakt med familia, barn og unge, og hentar inn opplysningar frå aktuelle instansar og personar der dette er naudsynt. Med bakgrunn i resultatet, og i samarbeid med familien, kan det verte sett i verk tiltak.

Tiltaka kan vere:

  • Råd og rettleiing
  • Økonomisk støtte  -t.d. dekning av barnehage, SFO, fritidsaktivitetar m.m.
  • Støttekontakt - tilbod til barn som av forskjellige årsaker treng hjelp til sosiale aktivitetar. Behovet vert tilpassa det enkelte barn. Ønskjer du å arbeide som støttekontakt registrerer du deg i eige skjema.
  • Besøksheim/Avlastningsheim -tilbod til familiar som av forskjellige årsaker treng avlastning og born som treng å utvide nettverket sitt. Å registrere seg som besøksheim gjer du i eige skjema.
  • Familieråd- det er ei metode der ein engasjerer barnet sitt private nettverk og gjennomfører familieråd. Familierådet skal finne løysingar for at born skal få det betre.
  • Foreldrerettleiing, ulike veiledningsprogram og generell veiledning til foreldre og barn som har utfordringar.  
  • Multisystemisk Terapi (MST) - eit behandlingstilbod for familiar som har ungdom med adferdsvanskar. Aldersgruppe 12-18 år.
  • Senter for foreldre og barn i Molde - foreldre og barn bur på senteret, for tett oppfølging og rådgjeving. Aldersgruppe frå 0-6 år.
  • Plassering utanfor heimen med foreldra sin samtykke -Fosterheim for ei periode.
  • Ettervern - frivillig tiltak etter avtale med barnevernet som kan oppretthaldast til fylte 23 år.
  • Plassering utanfor heimen -det kan  i enkelte tilfelle vere naudsynt å gjennomføre tiltak mot foreldra sitt samtykke ved å plassere barnet utanfor heimen.
  • Tilsyn og kontrolltiltak i heimen -meldt og uannmeldt tilsyn.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Bakgrunnen for at barneverntenesta kjem inn med hjelp til ein familie er meldinga frå privatpersonar eller offentleg myndigheit, eller ved at du sjølv tek kontakt med barnevernet. 


Kontakt oss


Barneverntenesta i Vanylven finn du på rådhuset, Fiskå i underetasjen. 

Fungerande fagleiar i Vanylven Malin Lid: tlf 909 20 685

Sakshandsamar Gina Blikeng: tlf 907 00 883

Sakshandsamar Silje Åmelfot: tlf: 480 43 972