Beskrivelse:
Bygninga har følgande rominndeling:
U.etg. tidlegare garasje/bod, kjellarstue m/trapp, soverom, vaskerom og bad. I tillegg til utvendig carport.
1.etg. Vf. Trappegang , bad, soverom, 2 stove og kjøkken
2.etg. lofsgang m/trapp, 3 soverom og kott.
I 2000 blei bustaden delvis renovert innvendig. Blant anna bad og kjøkken i 1 etg blei oppgradert.
Eigedomen som heilheit kan ein sei er dårleg vedlikehaldt , men både utvendig og innvendig har bustaden god teknisk standard i forhold til byggeår.
Dersom eigedomen skal tilfredstille dagens krav til bustadar har den eit oppgraderingsbehov sidan det no er 20 år sidan sist oppussing. Dette gjeld spesielt utvendig bordkledning , vindauge frå 1978 og skifertekking som ikkje er tett.
Bygninga blir derfor rekna som eit renovering/oppussingsprosjekt.