Vedtak i formannskapssak 141/22 Økonomiplan 2023-2026 med budsjett for 2023 - Høyring

Vedtak i formannskapssak 141/22 Økonomiplan 2023-2026 med budsjett for 2023

Formannskapet tilrår:

1. Driftsbudsjettet for 2023 med rammeløyving per sektor og investeringsbudsjett for 2023 med løyving per prosjekt og slik desse går fram av taldelane i budsjettdokumentet, vert godkjende 

 2. Økonomiplanen for åra 2023-2026 med rammeløyvingar til drift per sektor og investeringar per prosjekt slik desse framgår av taldelane i budsjettdokumentet vert godkjende. 

 3. Samla låneopptak i 2023 vert 28.821.000 kroner, inklusiv kr 3.000.000 til vidareutlån av startlån.

4. Formannskapet går inn for å få ei ny sak over nyttår når vi ser årsresultatet for 2022:

  • 20 % stillingsauke i dagtilbodet demente for å få inn 4 dagar.
  • Støtte til ny bil på Stenbakken
  • Coworktilskot til Vanylven Utvikling med kr. 100.00,-
  • Kr. 300.000,- i prosjektmidlar til 4 G og naudnett på Øverberg - Rota og fylkesveg 61 Maurstadeidet.

Har ein uttale til planen, skal den sendast digitalt i dette skjemaet , eller til postmottak@vanylven.kommune.no innan 12. desember 2022.