Varsel om oppstart av detaljreguleringsarbeid av Fiskåholmen

På bakgrunn av vedtak i kommunestyret 25.10.21 (saksnr: KO-106/21) og i medhald av plan- og bygningslova (pbl) §12-8 varslar Vanylven kommune med dette oppstart av detaljregulering av Fiskåholmen. Planen blir utarbeidd i samsvar med pbl §12-3 og §12-10. Norconsult AS er innleigd som planrådgjevar.

Føremålet med planarbeidet er:

  • Å detaljregulere Fiskåholmen slik gjeldande områdeplan krev.
  • Å utvide området for utfylling i sjø nordvest for Fiskåholmen slik at havbotn kan hevast til kote -10 og dermed vere meir føremålsteneleg for framtidig næringsutvikling i område.

Å sjå på moglegheitene for å utvide næringsområdet og/eller småbåthamna søraust for Fiskåholmen.

Med bakgrunn i Forskrift om konsekvensutredninger vurderer Vanylven kommune at tiltaket kan få vesentlege verknadar for miljø- og samfunn. Forholda som innleiingsvis er identifisert for konsekvensutgreiing er: Trafikk (på land og sjø), naturmangfald, friluftsliv og landskapsverknadar. Referansealternativet for vurderingane vil vere gjeldande områdeplan for Fiskåholmen, vedtatt i 2018.

Innspel til planarbeidet kan sendast med e-post til: postmottak@vanylven.kommune.no innan 10.03.2022. Kontaktperson hos Vanylven kommune er kommunalsjef teknisk Helge Kleppe, tlf: 70030071.

Når det er utarbeidd forslag til reguleringsplan vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Dette vil bli annonsert i Synste Møre, og grunneigarar og aktuelle myndigheiter vil bli varsla per Altinn/brev/e-post.

 

  

Kontakt

Helge Kleppe
kommunalsjef teknisk
E-post
Telefon 70 03 00 71
Mobil 932 89 894