Plan for demokrati

At vi som lever her har høve til å påverke, er sentralt i vårt lokaldemokrati. Det er god samfunnsbygging når innbyggjarane får påverke forhold rundt eige liv og kvardag, og når innbyggjarane kan bidra med lokal kunnskap. Det gjeld ikkje berre i samband med lovpålagde høyringar, men generelt når vi gjer små og store vegval. Slik står vi betre rusta til å skape gode lokalsamfunn saman!

I 2018 har det vore arbeida breitt med demokrati:

Plan for frivilligpolitikk har vore tema på to store fellesmøter for lag og organisasjonar, der det både har vore ein gjennomgang av dokumentet og seinare ei samling med gruppearbeid for å hente inn innspel til tiltak i handlingsplan.

Oppfølginga til strategi for nærdemokrati og borgarinvolvering har omfatta møte med 15 bygdelag, i tillegg til to fellesmøte. Gjennom desse erfaringane har det vore kartlagt og innhenta mykje god informasjon, som ligg til grunn i arbeidsgrunnlaga for den føreslegne «Plan for demokrati».

 

Informasjon er nok ein fellesnemnar for mykje av det som har vorte påpeika undervegs i prosessane, og er soleis lagt inn som tiltak både under nærdemokrati og borgarinvolvering,

og under frivilligheit. «Utan god informasjon: ingen engasjement» er eit oppsummerande sitat frå KS sin idèkatalog som låg til grunn for nærdemokrati-sastinga. Det vert difor føreslege fleire tiltak som kan styrkje informasjonsflyten mellom kommunen og innbyggjarane: mikromagasinet, informasjon på nettside, eigen nettportal for fritidsaktivitetar m.m.

 

Engasjement frå innbyggjarane kan vere både eit mål og eit middel:

· Eit mål, fordi aktive innbyggjarar som tek ansvar, bidreg og utfordrar skaper sunne og vitale lokaldemokrati med deltaking og engasjement.

· Eit middel, når formålet med deltaking er å dra nytte av den kunnskap og innsikt innbyggjarane har, og dermed kunne ta betre avgjerder.

Begge deler er viktig.

 

Har du innspel til innhald eller handlingsplan/tiltak, kan dette meldast inn til kommunen v/servicetorget eller postmottak@vanylven.kommune.no  innan 09.01.2019. Merkast «Plan for demokrati».

 

Formannskapet handsama i møte den 04.12.2018 – sak 176/2018. Følgjande vedtak vart fatta:

"I samsvar med pbl. § 11-14 vert 1. utkast til plan for demokrati lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker."

 

Link til høyringsdokumentet:

https://issuu.com/vanylvenkommune/docs/plan_for_demokrati