Plan for barn og unge

Utkast til kvalitetsplan for barn og unge i Vanylven kommune godkjennast for utsending til høyring. Høyringsfristen settas til 23.01.2019.

Vanylven kommune har i 2018 arbeida med ein kvalitetsplan for barn og unge i kultur og oppvekstsektoren. Planverket er no klart for høyring. Kvalitetsplanen har ei foreslått tidsramme på 3 år, med årleg rullering. Vi ønskjer at planen skal være eit levande styringsdokument som blir nytta aktivt for å ta opp i seg endringar eller justeringar i høve prioriteringar/føringar mot tenestene i sektoren. Gjennom prosessen for utarbeiding av dokumentet, har det vore nytta ei visualisering av innhaldet, presentasjonen kan du sjå her.

Utkast til plan for barn og unge kan du lese her.

 

Har du innspel til innhald eller handlingsplan/tiltak, kan dette meldast inn til kommunen v/servicetorget eller postmottak@vanylven.kommune.no  innan 23.01.2019. Merkast «Plan for barn og unge».