Oppstart av klagesak – Oppsal eller Opsal? - høyring

Klikk for stort bilete Kommunen ba om namnesak i samband med vegadresser.  Kartverket vedtok i sak 2020/132 at namnet skal skrivast Oppsal for gardsnummer 80 i Vanylven. Vedtaket vart påklaga av alle grunneigarane. Saka må derfor på ny høyring. Det gjeld namna:

Oppsal – Opsal, gard, gnr 80

Oppsal – Opsal, bruk, bnr 80/1, 80/2, 80/3.

Op(p)salvika, vik i sjø

Op(p)salberget, li

Op(p)salstøylane, gammal busettingsplass

 

Saka vert behandla etter stadnamnlova. Eigar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg. Lokal uttale og gjeldande rettskrivingsprinsipp er viktig.

 

Merknad kan sendast til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller e-post til postmottak@vanylven.kommune.no innan 18.februar 2021. Merk med saksnummer 20/722.