Økonomiplan 2019 - 2022 - til offentleg ettersyn

økonomiplan 2019 - Klikk for stort bilete Lure du på kva kommunen skal bruke pengar på dei komande fire åra?

Vanylven formannskap sitt framlegg til budsjett og økonomiplan (budsjett 2019 og økonomiplan 2020 - 2022) for Vanylven kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §§ 44.4 og 45.3 i kommunelova.

Formannskapet handsama i møte den 27.11.2018 – sak 163/2018.  Følgjande vedtak vart fatta:

 Formannskapet tilrår:

  1. Driftsbudsjettet for 2019 med rammeløyving per sektor og investeringsbudsjett for 2019 per prosjekt, slik desse går fram av taldelane i budsjettdokumentet (og av punkt 4 under), vert godkjende.
  2. Økonomiplanen for åra 2020-2022 med rammeløyving per sektor og investeringar per prosjekt, slik desse framgår av taldelane i budsjettdokumentet (og av punkt 4 under), vert godkjende.
  3. Samla låneopptak i 2019 vert på kr 17.950.000 inklusiv kr 3.000.000 til vidareutlån av startlån.
  4. I tillegg til det som framgår av framlagt budsjettdokument, vert følgjande tatt inn i  budsjett og økonomiplanen:

Ny vassleidning til Brekka i Syltefjorden:

Det blir sett av kr. 100.000,- i 2019 og 1. million i 2020.

Opptak av lån på 1,1 million.

 

Søknad om støtte til fotballhall Eidsåvoll vert å kome tilbake til.

 

Punkt 12 i investeringsbudsjettet: Omsorgsbustader (Åheim/Syvde) vert endra til gjennomgangsbustader.

 

Legge til rette for at eldre, gjennom eldrerådet, får bidra i planstrategiarbeidet ved utarbeiding av ny Samfunnsplan.

Lage ein rekrutteringsplan, med mål om å få inn kvalifisert personell på ulike område

Vurdere å sette i verk ein vikarbank i helse- og omsorgssektoren.

 

Fiskå skule, gamle delen, bør kome inn på investeringsbudsjettet

Bed om eiga sak frå administrasjonen vedk. nybygg Fiskå skule.

Leskur v/Åheim skule: Kr. 100.000,- på investeringsbudsjettet i 2019. 

 

Budsjettdokumentet vart presentert for politikarane mandag 5. november, og med det startar deira arbeid med kva kommunen skal prioritere og satse på dei komande åra. Heile budsjettdokumentet finn du her.

Framlegget vert å ta opp til slutthandsaming av Vanylven kommunestyre i møte tirsdag 11. desember 2018.

Vi ber om at merknadar vert sendt til postmottak@vanylven.kommune.no eller sendt/levert til servicetorget, 6143 Fiskå.  Innspel må vere kommunen i hende seinast 11.12.16 kl. 10.

Rådmannen