Ny kommuneplan, samfunnsdel. Varsel om oppstart og planprogram.

Formannskapet handsama i møte den 05.11.2018 – sak 152/2018. Følgjande vedtak vart fatta:

  1.  I samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 11-12 og vedteken planstrategi varslar Vanylven kommune oppstart av arbeid med ny kommuneplan, samfunnsdel.
  2. Framlegg til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med pbl. §§ 4-1, 5-2 og 11-13. Høyringsfrist vert satt til 6 veker.

Framlegg til planprogram kan du lese her:

 

 

 

Framdrift planprogram og samfunnsdel

Oppstart og kunngjering av planprogram:    07. november 2018

Høyring planprogram:                                   15. nov – 15. des.

Endeleg vedtatt planprogram:                       februar 2019

Arbeidsmøte i bygdelag/næringsliv               februar – juni 2019

Politisk arbeidsdag – overordna mål:           august 2019   

Ope folkemøte                                              oktober 2019

Arbeid i styringsgruppe og prosjektgruppe

(kom.sjefar og rådmann):                              januar-februar 2020

Politisk verkstad ferdigstilling                        mars 2020

Høyring / offentleg ettersyn:                          april 2019

Endeleg vedtak samfunnsdel:                       juni 2020

 

 

Planprosessen skal syte for at det blir debatt om aktuelle utfordringar. Alle parter skal bli sikra god dialog og reell medverknad i dei ulike fasane i prosessen.

Igangsetting av planarbeidet blir varsla i Synste Møre, og lagt ut på kommunen si nettside og Facebook-side. Etter høyringa vil innspel bli vurdert før det blir lagt fram revidert planprogram for politisk behandling og endeleg vedtak.

I dei ulike fasane blir det lagt opp til slik medverknad: Høyring, aktiv bruk av nettside og Facebook-side, bygdemøte/arbeidsmøte/folkemøte

 

Har du innspel, kommentarar eller synspunkt kan du sende det til postmottak@vanylven.kommune.no,

merka “kommuneplanen sin samfunnsdel”.

Frist for innsending: 21.12.2018

Har du spørsmål kan du rette dei til rådmann Andreas Chr. Nørve; andreas.norve@vanylven.kommune.no