Namnesak til høyring

Klikk for stort bilete Kommunen har bedt kartverket om namnesak i samband med vegadressering. Det gjeld følgjande namn:
 

Nordvik – Nordvika – Norvik

Bruksnamn bnr. 88/5 og 88/10

Eikreim – Eikrem

gard, gnr. 82

o Eikrem – Ekreim

Bruk bnr. 82/1, 80/2, 80/3, 80/4

o Indre Eikrem

Bruk bnr. 82/5

o Eikreimsnakken

ås

o Eikreimssandfjellet

fjell

Oppsal – Opsal

Gard, gnr. 80

o Oppsal – Opsal

Bruk, bnr. 80/1, 80/2, 80/3

o Oppsalvika

vik i sjø

o Oppsaleberget

li

o Oppsalstøylane

gammal busettingsplass

Skor – Skår

Gardsnamn gnr. 76 og 77

o Ytre Skor – Skår

Bruk, bnr. 76/1 og 76/2

o Indre Skor - Skår

Bruk, bnr. 77/1 og 77/2

o Skoravika

vik i sjø

o Skorelva

elv

o Skoradalen

dal

o Skoranipa

fjellkant

Røynestad – Rønnestad

 

o Røynestad

Bruk, bnr. 152/1, 152/2, 153/3

o Røynestadbåane

grunne i sjø

o Røynestadnakken

rygg

o Rønstadbollane

skjær i sjø











































Når vi vil endre namn, vil det også få innverknad på avleidde namn – derfor vert alle desse namna med i namnesaka.


Vi hadde også krav om namnesak for Nordalen – Norddalen. Men kartverket viser til vedteken skrivemåte i sak frå 1999, og vil ikkje ta denne saka opp på nytt.

Etter "Lov om stadnamn" vert alle namna sendt på lokal høyring. Kartverket har vedtaksrett, men kommunen, eigarar, festarar, og lokale organisasjonar har rett å uttale seg om skrivemåten av namn dei har tilknyting til. For bruksnamn på gardsbruk vil vi sende eigarar eit eige brev.

Har du ei meining om skrivemåten av desse namna? Vi ber om uttale innan 1.juli, med argument for foreslått skrivemåte. Oppgje den nedarva, lokale dialektuttalen til namnet.

Send det til postmottak@vanylven.kommune.no eller Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskå.

Kontaktperson Randi Aarønæs
randi.aarones@vanylven.kommune.no

 

70030073