Kystsoneplan for Søre Sunnmøre

Har du lyst på ei kajakkløype eller ei vannscooter løype i kommunen din?
Veit du om ei badestrand eller eit friluftsområde som vi bør ta omsyn til i planen?
Eller eit viktig lokalt fiskeområde? Eller har du andre forslag?

kystsoneplan-dybde - Klikk for stort bilete kystsoneplan-sediment - Klikk for stort bilete

 

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gong med å utarbeide ein felles plan for sjøområda. No ønskjer vi innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast. Mange har interesse av korleis sjøområda skal forvaltast og brukast. Vil vi høyre frå så mange som mogleg før planen vert lagt.


Kom med innspel i vårt verkty for medverknad og innbyggardialog; CityPlanner. Her kan du teikne inn dine ynskje og kome med merknadar.


Frist for innspel er sett til 1. februar 2019.

 

Her finn du modellen for registrering av ditt innspel
Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gong med å utarbeide ein felles plan for sjøområda.

No ønskjer vi innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast.

Mange har interesse av korleis sjøområda skal forvaltast og brukast. Vil vi høyre frå så mange som mogleg før planen vert lagt.

OBS! Dersom du er ein næringsaktør som kjem med innspel som kjem innunder krav om konsekvensutgreiing må du svare på skjema som du finn lenke til her. (DOCX, 84 kB)

 

Skriftlege innspel skal sendast inn til eiga kommune: Vanylven kommune, rådhuset, 6143 Fiskå eller postmottak@vanylven.kommune.no

Andre lenker: