Kunngjering av vedtak om løyve til utslepp i sjø – Fiskåholmen

Kunngjering av vedtak om løyve til utslepp i sjø – Fiskåholmen

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Vanylven kommune løyve til utslepp i sjø knytt til tiltak ved Fiskåholmen i Vanylven kommune.

Det gis løyve til følgjande:

Utfylling av masser ved Fiskåholmen gnr. 11 bnr. 275, løyve er gitt med heimel i lov av 13.03.1981 om verne mot forureining og om avfall (forureiningslova) § 11, jf. § 16. Løyve gjeld utslepp ved utfylling i sjø for å utvide bruksareal til industri. Totalt skal det fyllast ut 372000 m3 masser over eit areal på 57400 m2.

 

Vedtak om løyve til utslepp ved utfylling i sjø til Vanylven kommune ved Fiskåholmen i Vanylven kommune(151831) (PDF, 5 MB)

Utfylling i sjø - løyve med vilkår(151832) (PDF, 3 MB)

 

Klage:

Vedtak om løyve kan påklagast av partane eller andre med rettsleg klageinteresse til Miljødirektoratet, jf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefrist 30.07.2023.

Ein eventuell klage fremjast for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Klagen skal gjere greie for kva det klagast over, og den eller dei endringar som ønskjast. Klagen bør grunngjevast, og andre opplysningar av tyding for saka bør nemnast, jf. Forvaltningslova § 32. Eventuell klage skal gjevast skriftleg pr. e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no eventuelt post til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde.

 

Vi ber om at eventuelle klagar merkast med referanse 2022/4943

 

Kommunedirektøren i Vanylven kommune.