Planen er ein del av kommunane sitt overordna styringsdokument som gir rammer for utviklinga av sjøareala på ytre Søre Sunnmøre og skal fungere som ein informasjons og planleggingskjelde for kommunane sine innbyggarar, folkevalde og administrasjon i kommunane, for organisasjonar, samt næringsliv og sentrale forvaltningsorgan med fleire.
Arealplanar i sjø skal ha ein overordna og grovmaska karakter jf. PBL. Unødige detaljar på dette plannivået kan auke antal konfliktar og kan svekke moglegheita for å få fram hovudprioriteringane og langsiktige strategiar.
Innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast til; Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 FISKÅ eller postmottak@vanylven.kommune.no innan fristen.
Frist for merknadar er 08.09.2023
Lenke til digitalt plankart
Saksframlegg
Føresegnene har etter handsaming i alle kommunane blitt litt endra for Sande sin del.
Reviderte føresegner ligg her. (PDF, 302 kB)
Generelle opplysningar:
Merknadar som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med kommunedirektøren sine vurderingar av merknadane. Vi svarar difor ikkje på merknadar enkeltvis.