Høyring - Rovdefjordsambandet revidert planprogram 26.02.21

Vanylven formannskap vedtok i formannskapssak 40/21 den 16 mars:
I medhald av plan-og bygningslova § 4-1 og 4-2 vert planprogram for Rovdefjordsambandet datert 01.09.2021 lagt ut til offentleg høyring i 6 veker.


Kommunane Sande og Vanylven arbeider i lag med Rovdefjordbrua AS om å etablere eit brusamband over Rovdefjorden. Etter godkjent kommunedelplan for Rovdefjordsambandet i 2016 har prosjektet vore gjennom ein KS1 analyse i 2017, som konkludera med at prosjektet ikkje vil vere sjølvfinansierande eller samfunnsøkonomisk lønnsam. Det er derfor eit behov for å finne alternative kryssningsløysningar som har ein lågare kostnad. Revidert planprogram ser blant anna på dette.


Det føreligger 4 ulike løysingsforslag i planprogrammet. Felles for alle forslaga er:
Flytebru med lengde cirka 1500 meter frå Koparnes over Bjørlykkeskjæret til Saudeholmen. Cirka 230 meter flytande rørbru mellom Saudeholmen og Storeneset. Segledjupne 14 meter.
Dei fire alternativa er ulike på strekninga frå Storeneset og mot fylkesvei 61 i Sande kommune. Konsulent har vurdert konsekvensar ved dei ulike tiltaka i planprogrammet.

Frist for merknader vert sett til 15 oktober 2021.
Merknader kan sendast til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller til
postmottak@vanylven.kommune.no

Rovdefjorsambandet - Planprogram datert 26.02.01 - høyring (L)(51407) (PDF, 672 kB)

Rovdefjordsambandet - Revidert planprogram 26.02.21 (L)(49569)-1-54 (PDF, 24 MB)

Rovdefjordsambandet - Revidert planprogram 26.02.21 (L)(49569)-55-126 (PDF, 42 MB)