Høyring - Reguleringsplan Åheim sentrum (ID 1511-201802)

Formannskapet i Vanylven kommune har den 05.04.2022 vedteke i sak 42/22 å legge Reguleringsplan Åheim sentrum (ID 1511-201802) ut til 2 gangs høyring.

Norconsult har på vegne av Vanylven kommune utarbeidd ein revidert reguleringsplan for Åheim sentrum. Reguleringsplanen skal sikre ein meir framtidsretta infrastruktur for fylkesvegane på Åheim og særleg der tre fylkesvegar møtast i eit «skeivt» X-kryss som utgjer eit vesentleg faremoment med omsyn til trafikktryggleik og tryggleik for mjuke trafikantar. Sekundært skal planen legge opp til ei meir langsiktig utvikling av Åheim både med sentrumsutbygging, næringsverksemd, fritid og turisme samt fleire bustadar. Det er planlagt ei rundkøyring på fylkesvegen som oppfyller krava i SVV handbok og som vil forbetre trafikkbiletet og auke trafikktryggleiken betrakteleg.

Planforslaga består av plankart, føresegner, planomtale og andre vurderingar. Det ligger som vedlegg på denne sida.

Har ein merknad til planen, skal den sendast skriftleg til Vanylven kommune, 6143 Fiskå, eller til postmottak@vanylven.kommune.no innan 3 juni 2022.

 

Aktuelle dokument:

Reguleringsplan Åheim sentrum - 2 gangs høyring (L)(87441) (PDF, 2 MB)

Vedlegg:

Reguleringsplan Åheim sentrum - 2 gangs høyring (L)(85420) (PDF, 2 MB)

Dok 01_Planomtale_Åheim sentrum_detaljregulering_21.03.22 (L)(85422) (PDF, 10 MB)

Dok 02_Føresegner_Åheim sentrum_detaljregulering_21.03.22 (L)(85423) (PDF, 10 MB)

Dok 03_Plankart_Åheim sentrum_detaljregulering_21.03.2022 (L)(85424) (PDF, 5 MB)

Dok 04_ROS_Åheim sentrum_detaljregulering_16.03.2022 (L)(85425) (PDF, 8 MB)

Vedlegg 1_Trafikknalyse_Åheim sentrum_detaljregulering_12.03.22 (L)(85426) (PDF, 2 MB)

Vedlegg 2_Barnetråkkregistrering ved Åheim skule_17.02.2022 (L)(85427) (PDF, 2 MB)

Vedlegg 3_Flomfarevurdering_Åheim sentrum_detaljregulering_18.08.2021 (L)(85428) (PDF, 6 MB)

Vedlegg 4_Stormflo og bølgeanalyse_Åheim sentrum_detaljregulering_04.08.2021 (L)(85429) (PDF, 3 MB)

Vedlegg 5_Geotekniske grunnundersøkelser_Åheim sentrum_detaljregulering_25.06.2021 (L)(85430) (PDF, 6 MB)

Vedlegg 6_Vurdering av områdestabilitet_Åheim sentrum_detaljregulering_04.10.2021 (L)(85389) (PDF, 2 MB)

Vedlegg 7_Skredfarevurdering_Åheim sentrum_detaljregulering_25.06.2021 (L)(85390) (PDF, 7 MB)

Vedlegg 8_Støyutredning_Åheim sentrum_detaljregulering_22.03.2022 (L)(85391) (PDF, 11 MB)

Vedlegg 9_Visualiseringer_Åheim sentrum_detaljregulering_2022 (L)(85392) (PDF, 4 MB)

Vedlegg 10_Oppsummering av innspill ved varsel om oppstart i 2018_Åheim sentrum_detaljregulering (L)(85393) (PDF, 2 MB)

Vedlegg 11_Oppsummering av merknader ved 1.gangs off.ettersyn i 2020_Åheim sentrum_detaljregulering_08.03.2022 (L)(85394) (PDF, 2 MB)

Vedlegg 12_Arkeologisk rapport_Åheim sentrum_detaljregulering_2021 (L)(85395) (PDF, 13 MB)