Høyring på ruteendringsprosessen 2023 - har du innspel?

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene er i gang. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2023.

Vanylven kommune vil ha innspel frå innbyggjarane

Det er viktig at du som innbyggjar seier di meining om rutetilbodet på ferje, hurtigbåt og buss dersom du ser at noko kan endrast til eit meir tilpassa tilbod.

Vanylven kommune samlar og samanstiller innspela til Møre og Romsdal fylkeskommune etter at høyringsfristen er ute. 

  • Forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert.
  • Vi ønskjer tilbakemelding på ruteopplegget i høgtidene (til dømes julerutene) Kva er bra og kva endringar som bør gjerast?
  • Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene(rute nr: 10, 11, 33 og 48) må ein ta opp direkte med Statens vegvesen.
  • Forslag til endringar av haldeplassar eller andre saker som ikkje angår rutetidene spesifikt, må sendes i eige brev utanom denne ruteendringsprosessen.

Endringar vil gjelde frå 1.mai 2023. Om du har innspel, er det viktig at dei kjem fram no.

Høyringsfrist:

30.mai

Korleis melder eg inn innspel?

Epost ; postmottak@vanylven.kommune.no
eller du kan bruke denne lenka og fylle ut skjema.