Høyring - Lokal føreskrift om brenning

​​​​​​
 

Lokal føreskrift om open brenning av avfall i småomnar i Vanylven kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i 8 veker i samsvar med forvaltningslova §37. Formannskapet vedtok i møte den 3 mai 2022 i sak 62/22 å leggje ut ny føreskrift til høyring.

Ved Miljøverndepartementets deligeringvedtak av 19.07.2021 har kommune myndighet til å fastsette lokal forskrift om open brenning og brenning i småomnar etter forureiningslova § 9. Ei lokal forskrift gjev kommunane moglegheit til å styre kva som skal vere tillete av open brenning.

Ny forskrift gjev ein heimel til å regulere brenning. Det er allment fokus på å kunne redusere helseplager og å ta miljøomsyn. Brenning av avfall kan også medføre brannfare. Vanylven brannvesen har fleire slike tilfelle kvart år, der det må rykkast ut til open brenning som er ut av kontroll og/eller er varsla av naboar. Dette er ei utgift for kommunane, fare for liv og helse ved brannstaden, samt gjev nedsett beredskap for å ta seg av andre hendingar.

Merknader kan sendast til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller til

postmottak@vanylven.kommune.no

Merknad merkast: Høyring – Lokal føreskrift om brenning  - Merknad

Frist for merknader er sett til: fredag 4 november 2022.