Høyring av kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2040

Kommuneplanen skal vere eit reiskap for å skape og utvikle eit levande lokalsamfunn i Vanylven, og at kommunen som samfunnsutviklar skal legge til rette for utvikling og auka vekst i folketalet. Vi skal legge til rette for næringsutvikling i kommunen og i regionen, slik at ungdomane våre kan gjere utdanningsval som gjer det mogleg å kome tilbake til Vanylven for å skape si framtid her. Berekraftig utvikling gjer at vi forvaltar våre ressursar og areal til det beste også for komande generasjonar. Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2022-2040 ligg no ute til høyring, og vi inviterer deg til å kome med innspel til det vidare arbeidet. 

I samsvar med plan- og bygningslova §11-14 vedtok kommunestyret i møte den 07.02.2022, sak 07/22, å legge forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2040, ut til offentleg høyring i 6 veker.

Frist for innspel: 25. april 2022.

Innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til Vanylven kommune: postmottak@vanylven.kommune.no eller som post til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå

Aktuelle dokument: 

Saksframlegget finn du her. (PDF, 928 kB)

Utkastet til ny samfunnsdel i kommuneplanen finn du her. (PDF, 6 MB)

 

La-Rel Easter/Unsplash.com