Detaljregulering "Øykjeneset næringsområde"- 2 gangs høyring Formannskapet i Vanylven kommune vedtok den 31.01.2023 i sak 18/23: Vanylven kommune vedtek å legge ut revidert plandokument “Detaljregulering Øykjeneset næringsområde” datert 11.01.2023 (arealplanID: 1511-21002) til eit avgrensa offentleg ettersyn, etter innspela frå 1. gangs høyring. Viser til plan- og bygningslova § 12-10. Høyringsfrist vert sett til 3 veker.
Har ein uttale til planen, skal den sendast skriftleg til Vanylven kommune, 6143 Fiskå, eller til postmottak@vanylven.kommune.no innan 10 mars 2023.