Detaljregulering Breivika småbåthamn- 1 gangs høyring

Formannskapet i Vanylven kommune vedtok den 30.08.2022 i sak 100/22 at 
Detaljreguleringsplan Breivika småbåthamn skal leggast ut på offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 12-10.

Høyringsfrist vert sett til 6 veker.
Planforslaga består av plankart, føresegner, planomtale og andre vurderingar. 

Har ein uttale til planen, skal den sendast skriftleg til Vanylven kommune, 6143 Fiskå, eller til postmottak@vanylven.kommune.no innan 25 november 2022.