Vaksenopplæringa

Vårt hovudområde er å gje grunnopplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Norsk- og samfunnskunnskapsopplæringa kan vere ein del av introduksjonsordninga for nyankomne flyktningar.

Vaksenopplæringa tilbyr både norskopplæring og grunnskule for vaksne.

 

Kven kan delta på vaksenopplæringa?

Målgruppe for tilbodet er:

  1. Vaksne innbyggjarar i kommunen.
  2. Vaksne innvandrarar busette i kommunen

Vilkår for å å tilbod om vaksenopplæring er:

  1. Vaksne som har behov for fornya opplæring på grunn av sjukdom eller skade
  2. Vaksne innvandrarar med rett/plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. 

 

Kva kostar vaksenopplæringa?

Ordninga er gratis for dei som høyrer til kriteria i vilkår 1 og 2.

Det vert krevd lisensavgift p.t kr 1 000.- for personar i målgruppe 2 som ikkje kjem under kriterie 2.

 

Norskopplæring:

 

Personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphaldsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve, har rett og plikt til opplæring: 550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap. Det kan gis fleire timar ved behov. Er du mellom 55 og 67 år har du rett, men ikkje plikt til å delta i opplæringa.

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt. Arbeidsinnvandrarar og dei som fell utanfor rett og plikt må betale.

 

Tider og pris norskopplæring:

 

Dag: tysdag, onsdag og torsdag. 0815-1300

Kveld: Tysdagar. 1800-2030.

Pris: 50 pr.time + læremiddel/bøker.

 

Eksamen:

 

Er du elev her har du rett på eitt gratis forsøk på eksamen etter du har gjennomført dei obligatoriske timane. Er du privatist eller vil prøve fleire gongar må du betale.

Norsk munnleg eksamen: 700,-

Norsk skriftleg eksamen 800,-

Samfunnskunnskapseksamen 500,-

Statsborgarprøve: 500,-

 

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med rektor for vaksenopplæringa: Lars Jonasmo.

 

Nyttige lenkjer:

https://www.imdi.no/norskopplaring/

http://www.nyinorge.no/no/

Kontakt

Lars Jonasmo
Rektor
E-post
Telefon 70 03 03 51
Mobil 975 01 695