Skulehelseteneste

Skulehelsetenesten er for barn i alderen 5 - 20 år, for elevar i grunnskulen og på vidaregåande skule.

Kva er skulehelsetenesten?

Skulehelsetensten tilbyr helseundersøking, helseopplysning, vaksinasjon og meir, og har fylgjande rutinekontrollar:

  • 1. klasse: skulestartundersøking.
  • 2. klasse: vaksine trippel/polio.
  • 3. klasse: helseundersøking (vekt/høgde).
  • 5. klasse: undervisning om pubertet.
  • 6. klasse: vaksine MMR.
  • 7. klasse: vaksine HPV.
  • 8. klasse: helseundersøking (vekt/høgde) og helseinformasjon.
  • 9. klasse: undervisning om seksualitet.
  • 10.klasse: vaksine trippel/polio. Oppfølging.
  • Opplysningar om helse, kosthald, rusmiddel/røyking, samliv/prevensjon, og andre emne vert teke opp med elevar, enkeltvis eller i grupper.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale einingar ved behov.

Orientering om skulehelsetenesta vert delt ut til alle elevar ved skulane. Informasjonsbrosjyrar finn du på venteromet på helsestasjonen. 

 

Kven kan bruke skulehelsetensten?

Elevar ved grunnskulen og på vidaregåande skule i Vanylven kommune, kan nytte skulehelsetensten.

Helsesøster har eit "opa dør"-prinsipp, der elevane kan gå på besøk i skuletida - etter avtale med lærar. Dei kan gjerne gå to i lag. Lærar/foreldre kan også oppmode elevar om å prate med helstesøster.

Eksempel på spørsmål elevane har er eksem/astma, mageverk, menssmerte, kviser, vanskar eller mistrivsel på skulen og/eller heime. Dei kan gså få utført enkel syn- og hørselstest. Og ofte har dei berre behov for ein prat. Helsesøster har teieplikt.

 

Kva kostar skulehelsetenesten?

Skulehelsetenesten er gratis.

 

Korleis kan du treffe helsesøster ved skulane?

Helsesøster har rutinekontrollar på skulane. Helsesøster har fast kontortid på ungdomsskulane og vidaregåande skule. Foreldre/barn/ungdom tek sjølv kontakt ved behov.

Kontakt

Oddbjørg Vik Nordal
leiande helsesøster
E-post
Telefon 70 03 01 12
Mobil 413 33 069