Informasjon om SFO og pris

Kva er SFO?

Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Vanylven. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag SFO-tilbod ved alle skulane. Ynskjer du meir informasjon om skulefritidsordninga, kan du sjå i

vedtektene for SFO.(PDF, 184 kB)

Kva er opningstidene?
 

Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.

Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå ein halv til éin time før skulestart, og minst til klokka 16 etter skuleslutt.

Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.

Kva kostar det?

 

Tal timar pr veke

Barn nr. 1

Barn nr. 2 og 3

Over 15 t/v kr 1 980 kr 1485
Mellom 10 - 15 t/v kr 1 320 kr 990
Mellom 5 - 10 t/v kr 880 kr 660
Inntil 5 t/v kr 550 kr 412
     
Kjøp av ekstra timar kr 6o  
For seint henta barn, pr påbyrja halvtime kr 60  


Det er innført 25 % syskjenmoderasjon for 2. og 3. barn. Det er gratis SFO for elevar med særskilte behov frå 5. til og med 7. klasse.

Spørsmål angåande faktura? 

Kontakt May-Britt Svastuen : 70 03 03 74

Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.

Kontakt

May-Britt B. Svastuen
sekretær
E-post
Telefon 70 03 03 74
Sylvia Baade
rektor
E-post
Telefon 70 03 03 71
Mobil 970 30 004
Lars Jonasmo
rektor
E-post
Telefon 70 03 03 81
Mobil 975 01 695
Janne Kristin Torvanger
skulefagleg ansvarleg
E-post
Telefon 70 03 04 01
Mobil 452 57 521