Skulefritidsordninga

Praktisk informasjon om skulefritidsordninga ved skulane i Vanylven kommune.

Kva er SFO?

Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Vanylven. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag SFO-tilbod ved alle skulane. Ynskjer du meir informasjon om skulefritidsordninga, kan du sjå i

 

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.

Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå ein halv til éin time før skulestart, og minst til klokka 16 etter skuleslutt.

Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.

Kva kostar det?

Tal timar pr veke Barn nr. 1 Barn nr. 2 og 3
Over 15 t/v kr 1 980 kr 1485
Mellom 10 - 15 t/v kr 1 320 kr 990
Mellom 5 - 10 t/v kr 880 kr 660
Inntil 5 t/v kr 550 kr 412
Kjøp av ekstra dag kr 360
Kjøp av ekstra timar kr 6o
For seint henta barn, pr påbyrja halvtime kr 60

Det er innført 25 % syskjenmoderasjon for 2. og 3. barn. Det er gratis SFO for elevar med særskilte behov frå 5. til og med 7. klasse.

Spørsmål angåande faktura? 

Kontakt May-Britt Svastuen : 70 03 03 74

 

Korleis søke?

Skulen sender vedlagt søknadsskjema til alle familiar med born i aktuell alder for skulefritidsordninga. Søknadsskjema finn du her.

For søknad om redusert foreldrebetaling, kan du nytte dette skjemaet.

Søknadsfrist er 1. april.

Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.

Kontakt

Bodil Holsvik
rektor
E-post
Telefon 70 03 03 81
Mobil 995 15 013
Sylvia Baade
Rektor
E-post
Telefon 70 03 03 71
Mobil 970 30 004
Janne Kristin Torvanger
rektor
E-post
Telefon 70 03 04 01
Mobil 452 57 521