Pedagogisk rettleiingsteneste

PPT står for pedagogisk-psykologisk teneste, ei teneste for barn, unge og vaksne med særlege opplæringsbehov. Elevar i vidaregåande nyttar PP-tenesta i den kommunen der skulen ligg.


PP-tenesta er heimla i barnehagelova og opplæringslova.

For å sikre tilfredstillande utvikling og utbytte er PPT sine oppgåver:

  1. Organisasjonsutvikling
  2. Kompetanseutvikling
  3. Sakkunnig vurdering

PPT skal sørge for sakkunndig vurdering der lova krev det før kommunen fattar vedtak om spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp.

Kven kan ta kontakt med pedagogisk rettleiingsteneste?
 

Eleven sjølv, foreldre, barnehage eller skule kan ta kontakt med PPT .

Det mest vanlege er at henvendinga skjer i samarbeid med skule/ barnehage.

PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rettleiing knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.

Kontakt info:


Familie og læringssenteret: 
-Leiar: Oddbjørg Vik Nordal


Ressurspedagogar ved den einskilde skule og kommunal barnehage: 
Judith Brandal Kragseth - Myklebust skule 
Wivi-Ann Koppen - Fiskå skule 
Anders Lundberg - Åheim skule 
Ine Flister - Syvde og Åheim barnehage 

Rektor og styrarar 
Janne Kristin Torvanger  - Syvde 
Sylvia Baade - 
Lars Jonasmo 
Marit Sørdal 
Tove Ekremsæter - Åheim barnegage
Marta Bøstrand 

 

Kva skjer vidare?

PP-tenesta skal sørge for at det blir utarbeida sakkunning vurdering der lova krev det:

  • for elevar som treng spesialundervisning eller barn som treng spesialpedagogisk hjelp
  • ved framskynda og utsett skulestart
  • ved fritak frå opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-1
  • ved rett til teiknspråkopplæring for elevar og førskuleborn etter oppl. lova § 2-6 og 3-9
  • for særskilte rettigheiter for blinde og sterkt svaksynte §§ 2-14 og 3-10
  • for rett til særskilt valt utdanningsprogram etter oppl.lova § 3-1


Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

  • samtale med barnet sjølv og samtale med foreldre
  • samtale med barnehage/ skule
  • observere barnet i ulike situasjonar
  • teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva kunnskap kartlegginga har gitt oss.
 

Kva tiltak er aktuelle?

Ulike tiltak som kan vere aktuelle i ulike situasjonar:

  • rettleiing/ tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skule
  • rettleiing til heimen
  • vidaretilvising til 2. linjetenester
  • samarbeid med andre lokale instansar