Søkje om plass

Har du lyst til å lære deg å spele eit instrument, eller har du ein kunstnar i magen? Vil du spele teater eller kanskje danse?
Kulturskulen har mange tilbod, du kan sjå nærmare på dei her.

Frå skuleåret 2020/2021 tok vi i bruk elektronisk søknad.
Vi håpar du er nøgd med ein enklare søknadsprosess!

Du søkjer elevplass for skuleåret 2021/2022 ved å fylle ut dette skjemaet.


Søknadsfrist er 20. april i forkant av kvart skuleår.

Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 15. desember.

NB! NYTT FRÅ 2021:
​​​​​​For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.

Informasjon om prisar og vilkår finn du her.

For aktive elevar

Dei som alt har plass i kulturskulen må registrere seg i kulturskulen sitt datasystem (Speedadmin).

Der må søkjarane legge inn informasjon om seg sjølv og føresette. Deretter kan du stadfeste om du vil halde fram i det komande skuleåret eller om du vil avslutte til sommaren.
Følg denne lenkja.

 

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor
E-post
Telefon 70 03 04 05
Mobil 970 35 396