Fagtilbod

Vi har mange spanande tilbod i kulturskulen!

Du kan velje mellom:

  • Piano, orgel og keyboard
  • Tverrfløyte, blokkfløyte og fiolin
  • Trekkspel, gitar og bassgitar 
  • Slagverk 
  • Song  
  • Dans og teater 
  • Visuell kunst 
  • Aspirantopplæring til musikkorps (messing, - treblåseinstrument og trommer)

Du finn meir informasjon om kvart instrument og tilbod i søknadsskjemaet vårt.
NB! Det er høve til å søkje fleire fag/aktivitetar samstundes.

I tillegg til å drive undervisning, er tilsette ved kulturskulen dirigentar for fire korps og tre kor i Vanylven. 
Kulturskulen leverer også kulturskuleundervisning til alle barnehagane i kommunen. 

Rammeplan for kulturskulen er vedteke i kommunestyret, og undervisninga skjer i tråd med den.
 

Undervisning

Individuell undervisningstime for instrument og song blir gitt ein gong per veke og varer som regel i ca. 20 minutt.

Nokre gongar er det hensiktsmessig å sette saman elevar i smågrupper. Undervisning i smågrupper kan vare mellom 30-45 minutt.

I tillegg kan elevane få tilbod om å vere med i samspelgrupper utanom den ordinære timeplanen.

Visuell kunst, musikalsk førskule, dans og teater er organisert som gruppeundervisning.