Draumestipendet

Draumestipendet består av 50 stipend à 30 000 kronar – til saman 1,5 millioner kronar.

Frå 2021 kan unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år søkje Draumestipendet. I Vanylven er det rektor i kulturskulen som er nominasjonsansvarleg.

Vanylven har tidlegare hatt fire nominerte og to vinnarar.

I 2016 vann Kristiane Ekremsæter stipend. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ønsker dei å synleggjere kommunane sitt arbeid for born og unge. Håpet er at Draumestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvardraumer.

Stipendet delast ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.

Ta kontakt med rektor i kulturskulen for å få meir informasjon.

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor
E-post
Telefon 70 03 04 05
Mobil 970 35 396