Søk barnehageplass

Alle som ynskjer barnehageplass eller overflytting til anna barnehage i Vanylven kommune, må søkje innan fristen 1. mars 2019. 

Opptak og søknadsfrist

No kan de søkje barnehageplass for barnehageåret 2019/2020. 
Søknadsfrist for barnehageplass frå hausten 2019 er innan torsdag 1. mars 2019.

Born som er fødd innan 30.11.2018 og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptak. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak mm. 

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. 

Kven kan søkje: 

  • Nye søkjarar
  • Alle som ynskjer endring av plass eller overflytting til ein annan barnehage.

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med servicetorget. 

Søknadsskjema finn du her

 

Søskenrabatt

Søskenrabatt gjeld for barnehageplass innanfor Vanylven kommune, og gjeld for både kommunal og privat barnehage.

Søskenrabatt vert gitt etter følgjande fordeling:

  • For barn nummer to: 30 % rabatt
  • For barn nummer tre: 50 % rabatt

Redusert foreldrebetaling

Ein kan søke om redusert foreldrebetaling dersom maksprisen for barnehageplass er høgare enn 6 % av samla skattepliktig person- og kapitalinntekt for hushaldet.

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld som hovudregel for eitt barnehageår. Føresette må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekt.. 

Ein søknad om reduksjon i foreldrebetaling skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.

Søknadskjema finn du her

Gratis kjernetid

Alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage per veke.

Gjeldande frå 1. august 2018 gjeld gratis kjernetid for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 533.500 kroner per år.

Søknadskjema finn du her

Vedlegg

Dersom du søkjer prioritert plass til ditt barn, t.d. etter § 13 i barnehagelova, så hugs å kryss av for kriteriet på søknadsskjema og tilråding frå sakkunnig instans/faginstans må vere komen til oppvekstkontoret innan 1. mars. Dette gjeld berre dei som har sakkunnig vurdering frå fagleg instans.

Svar på tilbod om barnehageplass

Alle som får tilbod om barnehageplass har tre veker svarfrist til kommunen. Svar sendast skriftleg til adresse som står på tilbodsbrevet. Dersom ein ikkje svarer på tilbod om barnehageplass, kan ein misse retten til plassen ein er tildelt. Plassen vil då tildelast dei som står på venteliste.

Klage

Dersom barnet har rett på plass, kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass ved hovudopptaket. Søkjer kan også klage dersom ein ikkje får sitt 1 eller 2 ynskje oppfylt. Klagefrist er 3 veker etter motteke svarbrev.

Klagen skal stilast til rådgjevar barnehage i Vanylven kommune.

Dersom rådgjevar barnehage opprettheld vedtaket, vert saka handsame i klagenemnda for endeleg avgjerd.

 

Søknad utanom hovudopptaket

Du kan søkje barnehageplass også utanom hovudopptaket. Dersom det blir ledige barnehageplassar i løpet av året, tildeler vi desse til born som står på venteliste.

Dersom du ikkje bur i Vanylven kommune kan du søkje om barnehageplass i kommunen.  Born til søkjarar som ikkje bur i Vanylven kommune vert prioritert etter barn som bur i kommunen.

Rett til barnehageplass

Lov om barnehagar § 12 a.:

Barn som det blir søkt for innan fristen 1. mars, og som fyller eit år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass, og som er busett i kommunen, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.  Kommunen har oppfylt retten til barnehageplass etter lova når søkjar får eit av desse punkta oppfylt:

-                 Første ynskje oppfylt

-                 Andre ynskje oppfylt

-                 Tilbod i annan barnehage i kommunen, men framleis i samsvar med § 12 a.

NB. Søkjarar som blir tildelt barnehageplass i samsvar med § 12 a og som takkar nei til eit av dei tre tilboda, vil ikkje ha rett på å få eit nytt tilbod frå kommunen.

Dersom du som søkjar ikkje har fått første ynskje oppfylt har barnet ditt rett til å få stå på venteliste til den barnehagen du ynskjer, uansett om du takkar ja eller nei til det tilbodet om plass i barnehage som du har fått. Dette kryssar du av på i svarbrevet til kommunen.

 

Søknad om overflytting/endring av plass

Alle som har barnehageplass, kan søkje om overflytting til anna barnehage i Vanylven kommune.

Søknad om overflytting har frist 1. mars, og du nyttar elektronisk søknadsskjema. Hugs å merke i søknadsskjema at søknad gjeld overflytting.

Dersom ein i inneverande barnehageår står på venteliste til anna barnehage i kommunen og ein framleis ynskjer overflytting, må ein søkje om dette på nytt til hovudopptaket innan 1. mars.

Kontakt

Beate Farestveit Brandal
rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 03 00 33
Mobil 466 64 251