Prisar og betaling barnehage

Pris for barnehageplass er regulert av forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Forskrifta fastset ein maksimalpris som vert fastsett av Stortinget, i deira årlege budsjettvedtak. Kommunen har søskenmoderasjon.

 

Foreldrebetalingssatsar barnehage frå hausten 2019
Foreldrebetalingssatsar barnehage frå hausten 2019
Plass Ny sats - barn nr.1 Ny sats - barn nr.2 Ny sats - barn nr.3
100% 3040,- 2128,- 1520,-
80% 3584,- 1809,- 1292,-
60% 2128,- 1490,- 1064,-

 

Endring i satsane er basert på statsbudsjettet for 2020.

Foreldrebetaling barnehage frå januar 2020
Foreldrebetaling barnehage frå januar 2020
Plass Ny sats barn nr.1 Ny sats barn nr.2 Ny sats barn nr. 3
100% 3135,- 2195,- 1568,-
80% 2665,- 1866,- 1333,-
60% 2195,- 1537,- 1098


Søskenmoderasjon

Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen får reduksjon i pris for søsken. Søskenmoderasjon gjeld for barn i både kommunal og privat barnehage som er busett i Vanylven kommune. Moderasjonen blir utrekna automatisk og du treng ikkje å søkje. Søsken må bu i same hushald for å få reduksjon i pris. Dersom søsken har ulik storleik på barnehagetilbodet, blir søskenmoderasjonen gitt til det barnet med minst barnehageplass. 

Det er 30 prosent reduksjon for barn nummer to, og 50 prosent reduksjon for barn nummer tre og vidare. 

 

Søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Du må sjølv søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid. Søknaden blir handsama ut ifrå hushaldet si samla inntekt. 

Viktig info: 

  • Inntekt/sjølvmelding må leggast ved søknad. 
  • Må søkje innan 15.mai for komande barnehageår 

Du kan søkje heile året, men må også rekne med ein månad handsaming av søknad og vedtak. Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld som hovudregel for eitt barnehageår. Føresette må difor sende inn søknad kvart år, med ny dokumentasjon av inntekt. 

Søknaden om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i. 

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Redusert foreldrebetaling

Denne ordninga går ut på at ingen hushald skal betale meir enn 6 % av samla inntekt, for ein barnehageplass.

  • Frå januar 2020 gjeld redusert foreldrebetaling for hushald med ei samla inntekt lågare enn 574.750 kroner per år, fastsett i statsbudsjettet for 2020.

Ein kan søkje om redusert foreldrebetaling dersom maksimalprisen for barnehageplass er høgare enn 6% av samla skattepliktig person – og kapitalinntekt for hushaldet der barnet bur.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Gratis kjernetid

Denne ordninga går ut på at alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt i Vanylven kommune, har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

  • Frå 1. august 2019 – 31.07.2019 gjeld gratis opphaldstid for barn busett i hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 548.500 kroner per år.
  • Frå 1. august 2020 gjeld gratis opphaldstid for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 kroner per år, fastsett i statsbudsjettet for 2020.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Kommunal fakturaordning

Kommunen har fakturarutinar for dei kommunale barnehagane. Privat barnehage har eigen fakturaordning.

Nyttige lenkjer:

Kontakt

Beate Farestveit Brandal
rådgjevar barnehage
E-post
Telefon 70 03 00 33
Mobil 466 64 251