Ordføraren si side

Lena Landsverk Sande.jpg - Klikk for stort bilete Vanylven er ei triveleg distriktskommune på Søre Sunnmøre som grenser til Nordfjord i sør. Her bur vi ca 3 260 menneske, som trivast og har det godt midt i turist- og "kalender-Noreg". Naturen vår har stor variasjon og spennvidde; frå det mildaste milde til det villaste ville. Den er lett tilgjengeleg og brukarvenleg både på land og sjø. Kultur- og idrettslivet er rikt, mangfaldig og inkluderande, noko som gjev ein sunn basis for godt trivsels- og oppvekstmiljø.

Vanylven er ei grøn og frodig naturkommune med rikt dyre- og fugleliv der jakt og fiske er svært ettertrakta.

Vanylven har den største eggproduksjonen i fylket, i tillegg til stor kjøtt- og grønsaksproduksjon (agurk og tomat). Vi har eit godt jord- og skogbruk, samt den store bergverksemda Sibelco som utvinner det grøne olivin-mineralet. Den maritime næringa er i kommunen stor på oppdrett, samt vidareforedling og eksport av fiskeprodukter. Kommunen er vår største arbeidsgjevar, med meir enn 550 lønsmottakarar kvar månad.

Kommunen er vidstrakt, med sine 385 km2. Vi har spreidd busetnad og fleire bygdesentra med gode og nære tenestetilbod for alle aldersgrupper.

Vanylven kan ei kort forklarast, men rikt opplevast. Du og dine er hjarteleg velkomen til å besøkje oss og svært gjerne også bu og trivast saman med oss her i Vanylven kommune.

Med venleg helsing

Ordførar Lena Marie Landsverk Sande, V

Sist endra 21.11.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Lena Marie Landsverk Sande Lena Marie Landsverk Sande ordførar
70 03 00 01
@ Lena Marie Landsverk Sande
Arikkel med kontaktperson (1)
Login for redigering