Sjukepleiarar

Har du lyst til å bli den nye samarbeidspartnaren vår?

Stillings-ID: 585 og 591

Søknadsfrist: 10. mars 2019

Kan du tenke deg ein spennande jobb i det nye og fine omsorgssenteret vårt som stod ferdig i 2014? Vi har høgt sjukepleiefagleg nivå og behandlar komplekse og multisjuke pasientar. Vi har eige laboratorium og gode tekniske hjelpemiddel. Kommunen er utviklingsorientert og set fokus på kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Frå 2019 vil kommunen innføre fagdagar.

Vanylven helse- og omsorgssenter har tre avdelingar, og vi søker etter sjukepleiar på to av avdelingane:

Avdeling 2: Fast 100 % stilling. Øyeblikkeleg- hjelp, palliativ avdeling. Dementavdeling. ID 585

Avdeling 3: 100 % vikariat frå 01.06.19 – 31.05.20. Muligheit for fast stilling. Funksjon som fagkoordinator ligg til stillinga. Langtidsavdeling. ID 591

 

ARBEIDSOPPGÅVER

- Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet

- Arbeide sjølvstendig, og med fokus på rehabilitering, lindrande pleie og geriatri

- Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av tiltaksplanar

- Førebuing til legevisitt

- Medikamenthandtering

- Sørge for god samhandling

 

KVALIFIKASJONAR

-Norsk godkjenning som sjukepleiar

 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

-Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

-Positiv og løysingsorientert

- Sjølvstendig og initiativrik

- På grunn av arbeidet sin art er det viktig at søkjar har god helse

 

 

Oppgje stillings – ID i søknaden. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.

 

Sjukepleiar som flyttar til Vanylven får nedbetalt studielån med 15 % kvart år dei er i arbeid, maks kr 28 000, pr. år etter nærare retningsline. Nytilsette med under 4 års ansiennitet, startar med løn som etter 4 års ansiennitet. Alle med høgskuleutdanning får eit tillegg på 13700 kr over tariff frå lokale forhandlingar.

Kommunen har svært god pensjonsordning. For nærare opplysningar kan de ta kontakt med den enkelte avdeling eller kommunalsjef Arnhild Nordaune på tlf 700 30 000.

Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter gjeldande regulativ og avtalar. CV skal fyllast inn i søknaden. Kopi av attestar og vitnemål skal leverast ved førespurnad. Godkjend politiattest må kunne leggast fram. Gjer vel å oppgje referansar.

Kontakt

Eli Tefre Nordal
avd. leiar VHO, avd. 2
E-post
Telefon 70 03 02 21
Mobil 414 24 805
Rose-Mari Thunem Nygård
avd. leiar VHO, avd. 3
E-post
Telefon 70 03 02 31
Mobil 482 46 904