75 % fast stilling som miljøterapeut ledig ved avdeling førebygging og rehabilitering

Vanylven kommune har ledig 75 % stilling som miljøterapeut ved avdeling førebygging og rehabilitering – Fjordblikk. Stillinga er ledig frå 28.05.19. Stillinga har f.t. nordsjøturnus, dvs. arbeidsperioder med lange vakter og lange friperioder. Arbeidet er f.t. i omsorgsbustadar.

ID 600

Søknadsfrist 28.04.2019

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Søkjarar med medisinfagleg kompetanse vert priortitert. 
  • Ynskjeleg med vidareutdanning og/ eller praksis frå arbeid innan psykisk helse

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God samarbeidsevne
  • Positiv og løysingsorientert

Arbeidsoppgåver:

  • Sjølvstendig ansvar for å ivareta miljøterapeut oppgåver; særleg behandlande, rehabiliterande og miljøterapeutiske tiltak.
  • Vurdere behov og planlegge tiltak, sette i gong tiltak samt utarbeide prosedyrer i den samanheng.
  • Teamleiarfunksjon
  • Administrasjon av medikament etter forskrifter og vedtekne rutinar
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Rettleiing og opplæring av personale
  • Sørgje for faglig forsvarleg teneste, rapportere og gi innspel til leiinga om forbetringar som sikrar kvalitet i tenesta.

Vi tilbyd:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode muligheiter for sjølvutvikling
  • Eit stimulerande arbeidsmiljø med stor grad av fridom.
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø.
  • Kommunen har svært god pensjonsordning.

For nærare opplysningar kan de ta kontakt med avdelingsleiar Magni Vildalen på tlf 700 30 000 Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande regulativ og avtalar.
Kortfatta søknad med cv kan du sende på kommunen sitt søknadsskjema. Gjer vel å gje opp referansar. Kopi av attestar og vitnemål leverast ved førespurnad.
Oppgje stillingsID i søknaden.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.