100% vikariat natt som sjukepleiar ved Vanylven helse- og omsorgssenter avdeling 2

Kan du tenke deg ein spennande jobb i det nye og fine omsorgssenteret vårt som stod ferdig i 2014? Vi har høgt sjukepleiefagleg nivå og behandlar komplekse og multisjuke pasientar. Vi har eige laboratorium og gode tekniske hjelpemiddel. Kommunen er utviklingsorientert og set fokus på kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Frå 2019 vil kommunen innføre fagdagar. Eitt års vikariat som er ledig frå 10.juni 2019.

 

ID 599

Søknadsfrist 28.04.2019

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk godkjend sjukepleiarutdanning
  • Godkjend politiattest


Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God samarbeidsevne
  • Positiv og løysingsorientert
  • På grunn av arbeidet sin art er det viktig at søkjar har god helse


Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet
  • Jobbe sjølvstendig, og med fokus på rehabilitering, lindrande pleie og geriatri
  • Delta aktivt i det tverrfaglege teamet
  • Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av tiltaksplanar
  • Førebuing til legevisitt
  • Medikamenthandtering
  • Sørge for god samhandling
  • Vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis.


Vi tilbyd:
Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode muligheiter for sjølvutvikling. Eit stimulerande arbeidsmiljø med stor grad av fridom. Eit godt, inkluderande og samlokalisert fagmiljø. Vi kan vere behjelpelege med å skaffe husvære. Kommunen har svært god pensjonsordning.

For nærare opplysningar kan de ta kontakt med avdelingsleiar Eli Tefre Nordal på tlf. 700 30 000/ 700 30 221. Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande regulativ og avtalar. Kortfatta søknad med CV kan du sende på kommunen sitt søknadsskjema som du finn til høgre på sida her. Gjer vel å gje opp referansar. Kopi av attestar og vitnemål leverast ved førespurnad. Gje opp stillingsID i søknaden.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.