100% Fast stilling som miljøterapeut ved avdeling Bu- og avlastning

ID 597

Søknadsfrist 25.03.2019

Vanylven kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut ved avdeling Bu- og avlastning. Stillinga er ledig frå d.d. Turnus med lange vakter og arbeid kvar fjerde helg.

Tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/ bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15 % kvart år dei er i arbeid, maks kr 28.000,– pr. år etter nærare retningsline. Nytilsette med under 4 års ansiennitet, startar med løn som etter 4 års ansiennitet. Alle med høgskuleutdanning får eit tillegg på 13700 kr over tariff frå lokale forhandlingar.

Kvalifikasjonar:

  • Søkjar må ha minimum 3- årig helsefagleg høgskuleutdanning.
  • Andre med tilsvarande utdanning og erfaring kan søkje på stillingane.
  • Beherske data som arbeidsverktøy.
  • Godkjend politiattest.

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • God samarbeidsevne.
  • Positiv og løysingsorientert.
  • På grunn av arbeidet sin art er det viktig at søkjar har god helse.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid.
  • Bistå tenestemottaker i daglegdagse gjeremål.
  • Sikre godt samarbeid med pårørande og skule.
  • Medikamenthandtering.

Vi tilbyd:

Eit godt og inkluderande fagmiljø.
Muligheiter for personleg vekst, fagleg utvikling og kompetanseheving.
Spennande og utfordrande arbeidskvardag.
Eit meiningsfylt og utviklande arbeid.
God intern opplæring.
Alternativ turnus med arbeid kvar 4. helg.

Kommunen har svært god pensjonsordning.
For nærare opplysningar kan de ta kontakt med avdelingsleiar Anne May Sætrevik på telefon 700 30 171/ 700 30 000. Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju. Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter gjeldande regulativ og avtalar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Kopi av attestar og vitnemål skal leverast ved forespurnad.
Oppgje stillingsID i søknaden.
Gjer vel å oppgje referansar.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.