Oppdatert informasjon angåande Gyda

Kriseleiinga i Vanylven har i dag hatt møte, for å gå gjennom korleis vi har førebudd oss på Gyda sine herjinga, for å få fram i fellesskap kva hendingar vi så langt har hatt, og samtidig sjå på kva vi må vere førebudde på. I følgje vêrmeldingane, så vert Vanylven meir skåna enn mange andre kommunar i nært omland. Heldigvis er ikkje vinden så sterk, og blir det heller ikkje i følgje meldingane pr no. Likevel er det enorme mengder med vatn som kjem ned, og vi må vere merksame på at bekkar renn over, at elvar kan finne alternative løp, at kjellarar får inn vatn, og at ein del innbyggarar kan verte engstelege for moglege konsekvensar.

Vi kan melde at kommunale tenester og politiet er i beredskap. Politiet er pr no avventande i høve situasjonen i Vanylven. Skulle du kome på ein veg som er fløymd over, så ring Politiet på 02800 for å varsle, så er du med på å sikre at ikkje nokon vert skadde som følgje av vatnet. Ver varsame når de køyrer bil, om de må ut på vegane i dag. Vassplaning kan ein unngå ved å ta det med ro undervegs, og det må ein tenkje på heile tida når ein er i bil no.

Så langt har vi hatt eit par vasslekkasjar i kommunale bygg, og vi har vassinntrenging i kjellaren på Åheim skule. Vaktmeistrane har kontroll, og melder om små skadar. Dette er ikkje i områder der borna oppheld seg. Vi tek ingen risiko når det gjeld liv og helse.

Vi har hatt entreprenør til å grave tett på Syvdetun, for å sikre at vatn ikkje går inn i bygningane der. Straumstansen i Syvde i går kveld vart raskt ordna, og vi vonar vi er heldige å unngår fleire episodar der straumen forsvinn.

Kommunal veg i Nordvika er stengt, men der er alternativ veg som kan nyttast. I Hånesbakkane har kommunen ordna ei tett stikkrenne. Nærare reparasjon lyt ein ta når vi er tilbake til normale tilhøve. Vaktmeistrane er i full beredskap, og melder elles at situasjonen langs kommunale vegar er under kontroll pr no.

Røde Kors har også auka beredskapen sin, men held seg i ro foreløpig. Dei har tilgang på VHF-samband i fall vi skulle få vanskar med naudnettet. Kommunen har også fleire alternative løysingar for kontakt med omverda. Minner også om at Røde Kors har ei god besøksteneste, så i staden for å reise langveges for å sjå til dine, så tips Røde Kors. Om dei har nokon som er i nærleiken av dei du tenkjer på, så kan det vere at dei kan kike innom, evt tipse om nære naboar som kan gå over vegen. Ber igjen om at ingen tek laust for langkøyring, om det ikkje er heilt naudsynt. Snakk heller med nokon i nærleiken, som kan kike innom ein god nabo ved behov.

Førebels ikkje meldt om stengde ferjesamband. Vi vonar vi får raskt varsel om det vert vanskar med buss eller ferje, slik at det ikkje vert utfordringar med å få born heim frå skule.

Det er meldt verre vêr utover dagen i dag og litt utpå morgondagen, så ver budde på å sjå til korleis det står til der du er, og meld frå om du ser fare på ferde.

Informasjonssider:

- Synste Møre: https://synste.no/

- Varsom: https://varsom.no/

- Yr: https://www.yr.no/…/M%C3%B8re%20og%20Romsdal/Vanylven/Syvde

- Statens Vegvesen: https://www.vegvesen.no/…/reiseinformas…/ekstremvaeret-gyda/

- NVE: https://nve.no/

- NRK Møre og Romsdal: https://www.nrk.no/mr/

 

  

Tidlegare informasjon:

 

11.01.2022

Snøskredvarsel for Sunnmøre onsdag 12.01.2022

Det ventast onsdag 12. januar STOR snøskredfare - faregrad 4 - i Møre og Romsdal (region Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre). 

Varslet gjeld frå 12. januar kl. 00.00. 


Les meir om snøskredvarselet på nettstaden www.varsom.no

Frå onsdag ettermiddag til tidleg torsdag kveld er det venta 80-120 mm/24t.

Du kan lese meir om dette her


Kva bør du gjere? 

  • Ein bør førebu seg ved å sikre lause gjenstandar og eigedomane sine.
  • Sidan ein ventar store nedbørsmengder, bør ein klargjere for at overflatevatn får renne vekk. Hald slukar og rister opne. 
  • Sjå over og sikre båtar og anna utstyr som ligg i hamnene. 
  • Det kan vere lurt å førebu seg på eventuelle straumbrot. 
  • Halde seg heime dersom dette er mogleg. Det kan verte vanskelege køyreforhold. Sjekk trafikkinformasjon på Statens vegvesen sin nettstad

Kommunen er førebudd på å setje krisestab - om det skulle vere naudsynt.