Kulturpris 2021

   

Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til einskildpersonar, organisasjonar eller andre aktørar som gjer eller har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen. Kandidatane skal vurderast ut frå ei vid forståing av kultur. Prisen er 5000 kr og eit kunstverk laga av ein ung lokal kunstnar. 

Kommunen vil gjerne ha framlegg til kandidatar levert/sendt til Vanylven kommune, Kultur- og Oppvekstsektoren, 6143 Fiskå.

Ein kan også sende inn forslag på e-post: postmottak@vanylven.kommune.no

Frist er 30. oktober 2021.