Er du vår nye kommunalsjef i teknisk sektor ?

Vanylven kommune har ledig stilling som kommunalsjef for teknisk sektor, og vi søker etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen. Du må ha ambisjonar om å gjennomføre nødvendige omstillingar for å sikre ei digital og berekraftig utvikling av kommunale tenester.
 

Fullstendig stillingsannonse finn du her 

Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og skal følgje opp politiske og administrative vedtak. Som leiar får du det overordna ansvaret som ligg til teknisk sektor. Her både fag-, økonomi- og personalansvar.
 
Teknisk sektor har totalansvar for områda veg, VAR, vedlikehald arealplanlegging, landbruk/vilt, miljø, kart, oppmåling, prosjektering, byggjesakshandsaming og brann- og beredskap.
 
Som kommunalsjef vil du få høve til å vere med på leiing og gjennomføring av store og spennande prosjekt. Per i dag arbeider sektoren mellom anna med ferdigstilling av nytt skulebygg ved Fiskå skule. Stad skipstunnel vil skape stor utvikling av områda rundt, og for Vanylven vil det skape ringverknadar og nye, spennande moglegheiter