Om kommunen

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke. Vanylven har 3 208 innbyggjarar pr andre kvartal 2016, og arealet er på 385 km2.

Kommunevåpenet symboliserar jordbruk og grøne lier, olivinførekomsten og saman med sølvfarga fjord. V-en symboliserar både Vanylven og Vanylvsgapet. Den offisielle kommunesteinen er peridott. Det er den reine krystallen av olivin, og er rekna som ein edelstein. Gusdal-bruddet på Åheim i Vanylven er verdas største kjende olivinførekomst som er kommersielt drive. Vanylven er også ein av dei største landbrukskommunane i fylket. 

 
Kommunen består av fleire bygder: Fiskå, Åheim, Syvde, Eidså, Rovde, Åram/Hakallestranda og Sylte. Kommunesenteret er Fiskå. Innan ein time når du Ulsteinvik, Ørsta/Volda, Nordfjordeid og Måløy. 
 
Det offentlege tenestetilbodet er godt utbygd og her er gode vilkår for friluftsliv. Vi har eit aktivt kulturliv og gode tilbod for varierte idrettsaktivitetar, m.a. ein fleirbrukshall. I kommunen er det vidaregåande skule.
 
Fred og ro er ofte mangelvare i ein hektisk kvardag. I Vanylven har du eit mangfald du ikkje finn andre stadar. Fiskerike fjordar, fjell med mange merka turløyper i variert terreng, flott landskap og bygder - omkransa av ei rekkje attraksjonar i omlandet. Blæja er den høgste toppen, 1148 moh.
 
I Vanylven finn du opplevingar utanom det vanlege. Her kan du dyrke interessene dine, og kanskje til og med finne nye.
Vanylven er ei lita perle på Sunnmøre, omhylla av vakre fjordar og fjell.
Sist endra 07.10.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Lena Marie Landsverk Sande Lena Marie Landsverk Sande ordførar
70 03 00 01
@ Lena Marie Landsverk Sande
Andreas Chr. Nørve Andreas Chr. Nørve rådmann
70 03 00 02
@ Andreas Chr. Nørve
Informasjon (1)
Teneste (1)
Login for redigering