Borgarleg vigsel

Vigsel (Pixabay.com) - Klikk for stort bilete

Går de med planar om giftarmål og ynskjer borgarleg vigsel?

Frå 01.01.2018 overtok kommunane ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar.

 1. Kven kan vigslast i Vanylven kommune?
Kommunen tilbyr kostnadsfri vigsel for innbyggarar i Vanylven og personar som ikkje er busette i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. Ekteskapslova § 12a. Det er nok at ein av brudefolket er busett i kommunen for at Vanylven kommune er pliktig til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrert bustadadresse som styrer kven som vert rekna som innbyggar i kommunen. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld også for utanlandske statsborgarar.

 

2. Førebuingar til vigsel
Før ekteskap kan inngåast må brudeparet legge fram ein gyldig prøvingsattest på tidspunktet for ekteskapsinngåinga. Prøvingsattesten er det folkeregistermyndet som skriv ut, og er gyldig i fire månadar frå utskrivinga. Prøvingsattesten vert gjeve på bakgrunn av ei rekke dokument, som m.a. ligg på Skatteetaten si heimeside. I Vanylven kommune kan ein vigsel tidlegast avtalast frå det tidspunktet det føreligg ein gyldig prøvingsattest.

3. Tid og stad for vigsel
Vanylven kommune tilbyr ordførar sitt kontor eller kommunestyresalen som lokale for gjennomføring av vigsel. Lokalet vert tilrettelagt for vigsel, og har plass til brudefolk og gjestar.

Vanylven kommune er fleksibel på når og kvar ein vigsel kan finne stad. For å vere fleksibel må brudefolket kome med sine ønskje når dei bestiller vigsel. Dersom det er ønskjeleg at vigselen skal skje i eit anna lokale enn på rådhuset, må brudefolket sjølv dekke kostnadene med leige av dette.

4. Gjennomføring av vigsel

Ein vigsel skal ha seremoniell karakter. Det borgarlege vigselformularet vert nytta ved gjennomføringa av borgarleg vigsel. Seremonien kan tilpassast det enkelte brudeparet, t.d. med musikk og tekstlesning. Dette må i tilfelle organiserast og dekkjast av brudeparet.

Om ein av brudeparet er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva for språk som skal nyttast under seremonien. Vigsel kan skje på norsk eller engelsk. Om det er behov for tolk, må dette organiserast og dekkast av brudeparet.

Før vigsel vert gjennomført må vigslar ha mottatt prøvingsattesten frå brudeparet eller Folkeregisteret. Brudeparet skal legitimere seg. Gyldig legitimasjon må innehalde namn, bilete og fødselsdato. Det må vere to myndige vitne tilstade under seremonien.

Vigslar kan, dersom ho/han finn at det er grunn til tvil om eit vilkår er oppfylt, utsette vigselen. Brudeparet vert pålagt å prove at vilkåra er oppfylte. Utover dette har ikkje vigslar noko grunnlag for å nekte å gjennomføre ein vigsel.

5. Melding om vigsel og registrering

I prøvingsattesten frå folkeregistermyndet inngår også melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel og vigselsbok skal fyllast ut av vigslar. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudeparet og vitna skal skrive under vigselsmeldinga. Innan tre dagar skal rådmannen sende ein stadfesta kopi av dette til folkeregistermyndet.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar legge ved dokumentasjon for sitt vigselsmynde. Så lenge det er ordførar og varaordførar som har vigselsrett, er det nok med dokumentasjon på vervet.

Brudeparet får ein stadfesta kopi av skjemaet. Dette er gyldig som mellombels vigselsattest. Folkeregistermyndet skriv ut endeleg vigselsattest.

Rådmannen er ansvarleg for å føre vigselsbok med oversikt over ekteskap som er inngått av Vanylven kommune. Det originale skjemaet «Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok» (skjema Q-0309) utgjer vigselsboka.

6. Økonomi

Vanylven kommune tek ikkje betaling for å vigsling eller leige for bruk av bruk av lokale i rådhuset. Om brudeparet har spesielle ønskje, som fører til kostnadar for kommunen, må brudeparet sjølv dekke meirkostnaden. Ei eventuell betaling skal avtalast på førehand.

7. Ønskjer du å bli vigsla i Vanylven kommune?

Brudepar som ønsker å verte vigsla i Vanylven kommune, fyller ut og sender inn elektronisk skjema for dette til servicetorget i kommunen. Elektronisk skjema finn du i menyen tuil høgre. (Kommunal vigsel - registrering)

I skjemaet må ein informere om namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskje om lokalisering, dato og tid. Kopi av prøvingsattest må leggast ved. Han/ho som skal gjennomføre vigselen tek stilling til om dette kan gjerast slik som brudeparet ynskjer.

Servicetorget svarar på spørsmål om vigsel og har kontakten med brureparet for å førebu vigselen.

Publisert av Ane Malene Søvik Nygård. Sist endra 30.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering