Vanylven kommune med eit "overskot" på kr 18,4 million

team-spirit-3131702_1920.jpg - Klikk for stort bilete

Vanylven kommune sitt rekneskap for 2017 er i dag sendt over til revisjon, og viser eit mindreforbruk mot budsjett ("overskot") på omlag kr 18,4 million - dette kan bli endra etter revisjon.

Vanylven kommune styrer etter kommuneplanen, med tilhøyrande temaplanar på prioriterte område. Det er fastsett ulike måltal for å sikre dette, og her er eit utval, som kjem i tillegg til dei økonomiske måltala:

  2014 2015 2016 2017 Mål
Metode 273 - 320 - 460
Innbyggjar - 4,0 - 4,0 4,1
Medarbeidar n/a 4,6 4,6 4,7 4,8
Folkevalde n/a n/a 4,5 4,5 n/a
Sjukefråvær 8,8 % 8,3 % 8.2 % 7.8 % 7,5 %

Vi ligg under fastsette mål på desse område, og det blir arbeida med følgjande temaplanar for å sikre forbetring:

  • plan for styring, leiing og utvikling, for å sikre at vi jobber etter rette metoden
  • plan for brukarorientering, for å sikre innbyggjarane eit godt tenestetilbod
  • plan for kompetanse, for å sikre at dei tilsette meistrer oppgåvene
  • plan for nærdemokrati og borgarinvolvering, for å sikre utvikling av lokaldemokratiet

I tillegg er kommunen i 2018 i eit prosjekt ("NED") saman med KS og NAV for å redusere sjukefråværet.

Når det gjeld dei økonomiske nøkkeltala, så viser rådmannen til at kommunestyret den 16. mai 2017 i sak 35/2017 vedtok handlingsreglar ("Mål") for den økonomiske styringa:

 
Tal i % 2014 2015 2016 2017 Mål
Resultat 2,1 % 3,6 % 5,1 % 5,4 %  >3 %
Sparing 2,3 % 1,9 % 3,7 % 8,9 % >7 %
Lån 74,4 % 75,3 % 66,6% 66,6 % <70 %
Finans 3,9 % 4,2 % 3,5 % 3,5 % <3,5 %

Resultatet frå 2017 viser at kommunen er innanfor for alle måltala, som er tal definert av SSB (Stastisk Sentralbyrå), Måltalla er nytta for intern styring og for å kunne samanlikne oss med andre kommunar.

Dersom vi samanliknar Vanylven kommune med andre kommunar i Møre og Romsdal, så vil rådmannen vise til at det berre er 5 av 36 kommunar i fylket som sjølve har publisert tal per 4. mars 2018, og for desse kommunane er det lagt ut lenker til heimesidene:

 
Publisert Kommune Netto drifts  Netto  drifts

Face- book

15.02.18 Sykkylven 2,1 % 11,3 mill 19,9%
16.02.18 Kristiansund 1,0 % 19,4 mill 22,0%
17.02.18 Vanylven 5,4 % 17,5 mill 72,4%
19.02.18 Surnadal 1,5 %   7,8 mill 37,1%
19.02.18 Fræna 7,3 % 61,9 mill 18,7%
19.02.18 Eide -3,6 % -10,7mill 19,5%
20.02.18 Tingvoll 4,5 % 11,5 mill 34,9%
21.02.18 Ålesund 4,2 % 153,2mill 18,6%
23.02.18 Molde 3,5 % 74 mill 11,1%
23.02.18 Nesset 1 % 3 mill n/a
23.02.18 Midsund -3,6 % -7,1 mill 38,9%

Tal for Fræna, Eide, Ålesund, Molde, Nesset og Midsund er ikkje publisert av kommunane sjølve, men tal henta frå publiseringar i Kommunal Rapport. Vi har teke med Facebook-engasjement for å sjå om kommunar med høgt engasjement har eit betre resultat. Engasjement er her målt som "likarar" opp i mot folketal i kommunane, og tala er per 31. desember 2017.

Dersom vi ser over fylkesgrensa til kommunane i Sogn og Fjordane, så er det 5 av 26 kommunar som den 4. mars 2018 har publisert tal:

 
Publisert Kommune Netto drifts  Netto  drifts
16.02.18 Gloppen n/a (3,7 mill)
16.02.18 Eid n/a (4,6 mill)
17.02.18 Flora n/a (6 mill)
19.02.18 Selje n/a (12,9 mill)
19.02.18 Sogndal 6,25 46,7 mill

Av kommunane i Sogn og Fjordane er det berre Sogndal som har publisert netto driftsresultat. Dei fire andre kommunane har presentert mindreforbruk mot budsjett, og detter er tal som i utgangspunktet ikkje kan nyttast til samanlikning mellom kommuane.

Rådmannen ønskjer sjølvsagt å samanlikne Vanylven kommune mot dei andre kommunane også på sparing, lån og finans, men desse tala får vi ikkje før SSB puliserer tala den 15. mars 2018.

Om du ønskjer å sjå på kva årets resultat betyr for Vanylven kommune i kroner og ører, så har vi lage ein tabell for dette. Utgangspunktet her er reelle tal i rekneskapen, vist i millionar kronar, og tala avvikar noko frå det som følgjer av SSB sine definisjonar:

Tal i mill kr 2014 2015 2016 2017
Driftsinntekter kr 275 kr 277 kr 307,3  kr 324,9
Overskot kr 4,3 kr 14,2 kr 19,5 kr 18,4
Sparing kr 6,4 kr 5,3 kr 11 kr 29
Lån kr 283,3 kr 237,7 kr 244,5 kr 236,7
Rente/avdrag kr 10,9 kr 12,1 kr 10,8 kr 11,5

Alle sektorane avsluttar sine rekneskap med overskot. Sektorane får overført 80 % av sine overskot til bruk i 2018. Ordninga med framføring av mindre- og meirforbruk var vedteke i kommunestyret 20. mai 2014, og var første gong nytta for 2013-rekneskapen.

Kommunen har i 2017 satt fokus på periodisering, noko som er føresetnanden for å kunne sikre gode prognosar i tertailrapportane. Økonomileiaren har månadleg varsla einingar som har hatt budsjettoverskridningar på meir enn kr 100 000 på utgiftspostar. Dette har gjeve effekt og rådmannen ønskjer at dette også skal vere fokusområde i 2018.

Det må vere ei målsetting at prognosane for 2. tertial ligg på mindre enn kr 200´ eller ikkje meir enn 10 % avvik vurdert opp i mot endeleg rekneskap - rådmannen vil fremje dette som eige punkt i sak ved revurdering av dei økonomiske handlingsreglane våren 2018.

Tabellen nedanfor viser avvik mellom rapporten frå tertialrapportane og rekneskapen 2017. Den andre og tredje kollonna viser forventa avvik vurdert mot budsjett, som er rapportert av sektorane i tertialrapportane - der negative tal er ei prognose på mindreforbruk og positivte tal er prognose på meirforbruk. Tilsvarande viser tredje kollonnne i tabellen avvika som rekneskapen no viser samanlikna med 2. tertial - der negtaive tal er mindreforbruk og positive tal er meirforbruk - alle tal er i heile 1000:

 
Sektor 1.tertial 2.tertial Rekneskap Avvik
Folkevald 0   100´ 68´ 34 %
STAB -369 -400´ -253´ 31 %
KUOP 0 -2 403´ - 2 572´ 7 %
HEOM -1 000´ 0 -5 013´ n/a
Teknisk -200´ -300´ -3 445´ 1 148 %
Finans -3 000´ -4 583´ - 7 210´ 57 %
Kyrkja...   0 0 %
Totalt -4 569´ -7 586´ -18 435 143 %

Rådmannen vil be kommunalsjefane om oversikt for avvika på sektornivå, og deretter blir desse publisert - dette med unnatak for KUOP, der avviket ikkje er vesentleg.

Det er i investeringsrekneskapen vore aktivitet på 37 ulike prosjekt med samla kostnad på vel 23,6 million kroner.  Det var budsjettert med investeringar på vel 32,8 million kroner.  Investeringsmidlar som ikkje er brukte i 2017, vert overført til 2018. 

Rådmannen vil understreke at kommunalsjefane, mellomleiarane og dei tilsette er viktige bidragsytararne for at kommunen kan drifte innanfor fastsette budsjett - rådmannen vil takke alle for innsatsen i 2017. I tillegg viser politikarane måtehald, og sikrar med det at kommunen vil ha ein god økonomi i kommande økonomiplanperiode.

Tala er oppdatert søndag den 4. mars 2018 og det var ingen nye kommunar som hadde publisert tal i perioden 26. februar til 4. mars 2018.

Fiskå, laurdag den 17. februar 2018

Andreas Christian Nørve
rådmann

Publisert av Andreas Christian Nørve. Sist endra 04.03.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering