Tryggleik og trivsel

concert-768722_1280.jpg - Klikk for stort bilete

Kommunane på søre Sunnmøre har opparbeidd eit 3-part samarbeid mellom kommune, Politi og skjenkebransjen, der dei no tilbyr eit kurs for dei som skal arrangere ei større tilstelling. Målet er å sette arrangørane betre i stand til å ivareta trivsel og tryggleik for gjestane, unngå overskjenking av gjestar og skjenking til mindreårige.

Vi inviterer til samling 8.mai 2017, kl. 17:15 - 21:15 på kommunestyresalen i Ulstein kommune. Det vert matservering.  

Tryggleik og trivsel er viktig for at publikum skal få ei god oppleving av arrangementa dei går på. Dette fører til at dei snakkar positivt om opplevinga, og at dei ynskjer å komme tilbake ved neste arrangement.

Det er derfor viktig at dei som skal arrangere bruker god tid på planlegging, samt sørgjer for god opplæring av tilsette og frivillige for å bidra til å skape desse gode opplevingane.

 

Program

17.15   Velkommen

17.20   Kva er ansvarleg vertskap? – KoRus v/Rune A. Svenslid

18.00   Alkohol i kroppen, andre rusmiddel – KoRus V/Rune A. Svenslid

18.45   Pause m/matservering

19.00   Kommunikasjon og konflikthandtering – Politi

19.30   Tryggleik for gjestar – Ambulansepersonell

19.45   Skjenkekontroll – openbart påverka – Securitas

20.30   Sikkerheit for gjestar – Brannvesen

21.00   Oppsummering/evaluering

21.15   Takk for i kveld.

 

Pris: 100 kr

Bindande påmelding innan 4. mai.

Meld deg på HER  eller send e-post til: hanne.morseth@vanylven.kommune.no

Publisert av Hanne Morseth. Sist endra 08.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Login for redigering